Gratiskonsert i den nye Konsertsalen! – Musikkfag

musikk student Volda

Konsertsalen, Kaarstadbygget
Onsdag 2. april

Kl. 13.30
Gratis inngang

 

 

Bachelorstudentane i musikk inviterer til konsert!
Dette blir ein mangfaldig konsert med alt frå klassisk musikk, via jazz til hard rock. Elevane ved Volda vidaregåande skule si linje for musikk, dans og drama er spesielt inviterte gjester. I tillegg kan kven som ynskjer av studentar og tilsette og bygdefolk gjerne kome og nyte nokre gode tonar midt i ein travel kvardag. Alle er hjarteleg velkomne!
Les om den nye, flotte konsertsalen ved Høgskulen i Volda.

Ekstraforestilling og suksess for Voldastudent!

Martin Trondsen og Birgitte Victoria Svendsen finn tonen i det premiereklare stykket. Foto: L-P Lorentz
Martin Trondsen og Birgitte Victoria Svendsen finn tonen i det premiereklare stykket. Foto: L-P Lorentz

Fekk du med deg at Voldastudenten Martin Trondsen briljerte i teaterstykket  ”Da Hilde ble 50” på Centralteateret, Oslo Nye i februar? 

Tar du turen til Tigerstaden kan du vere heldig å oppleve han i ekstraforestilingar 1. – 5. april!

Drama og teater – studenten speler mot blant andre Sturla Berg-Johansen og Mari Maurstad.

Les intervju med Martin på premieredagen på StudiebygdA!

 

Velkommen til oss i Volda som student

Avdeling for Kulturfag på Høgskulen i Volda har eitt av dei breiaste kulturfaglege miljøa på bachelornivå i Noreg. Avdelinga har seks bachelorprogram, to faglærarstudium og åtte årsstudium. I tillegg har den vidareutdanningar, halvårsstudium og nettstudium. Avdelinga er organisert i fem seksjonar: