SAMARBEID MED GODT RESULTAT

among colors_foto av marius beck dahle, musikk, høgskulen i Volda
Among Colors. Foto: Marius Beck Dahle.

Among Colors gav i november ut førstesingelen «Indefinite» på plateselskapet Big Valley Records. Låta vart spelt inn i Playground Studios i Stordal, og er produsert av Robin Aasen og Preben Dale. I løpet av våren kjem bandet med sin første EP, og «Indefinite» er med på denne.

Fire av medlemane i det HVO-baserte bandet studerer Bachelor i musikk ved Avdeling for kulturfag (AKF), medan femtemann tek Årsstudium i historie. Musikkvideoen til låta er laga saman med Atle Vasbotn Remmereit, han tek bachelorgraden i Media, IKT og design ved AKF. Han har fått med seg eit produksjonsteam som består av Fredrik Hinsch, Simen Krubbfelt og Tore Åfar.

Videoen handlar om ein kar som har bursdag, men som aldri heilt får det han leitar etter. Dette får brutale konsekvensar for gjestane hans. Manuset sin samanheng med songteksten er frykta for å aldri oppnå det du vil, samt frykt for å gå inn i det ukjende. Skodespelarane i videoen er studentar på Seksjon for drama og teater, der Kent Sæterøy spelar rolla som bursdagsbarnet. Bursdagsgjestane er Erle Slagsvold, Markus Odland, Silje Jacobsen og Håvard Hestetun.

Among Colors er samansett av Preben Dale (vokal/gitar/effektar), Timmy Ass (gitar/kor/effektar), Magnus Magnusson (bass), Marius Jørgenstuen (piano/synth/kor), samt Magnus Solheim (slagverk). Bandet har ein cameo mot slutten av musikkvideoen.

Bandet og videoen er eit godt eksempel på kva samarbeid mellom studentar frå ulike studieprogram ved HVO kan resultere i. Vi håper å få sjå meir til denne gjengen framover!

 

 

Skype-foredrag med creative director Jenny Theolin

Jenny and the students

Onsdag 4. februar hadde våre Creative Commercial Photography-studentar ved Høgskulen i Volda (AKF) ei inspirerande Skype-forelesning med creative director Jenny Theolin frå Soapbox & Sons. Jenny si allsidige erfaring med «creative commercial photography» og grenselause kreativitet er grunnen til at vi inviterte ho som Skype-forelesar. Klassen humra seg gjennom heile foredraget, og vi kjende Jenny si entusiasme smitte gjennom skjermen. Jenny har mange års erfaring frå reklamebransjen i London, og jobbar for tida frå Stockholm. I tillegg til å jobbe med art direction og design, underviser ho (blant anna på designskulen Hyper Island) – og arrangerar utstillingar både i Sverige og Storbritannia. Kanskje er Norge det neste landet ho siktar seg inn på? Jenny og klassen kom saman på ein idé til ei muleg kampanje i Oslo – og ei utstilling på Hareid-Sulesund-ferja.

I foredraget fortalte Jenny om kvardagen til ein creative/art director, og deira rolle når det gjeld reklamefoto. Jenny bidrog også med kreative tips til korleis ein kan få seg jobbar og praksisplass i bransjen, enten det er som fotograf, produsent eller art director. Både våre produksjons- og designstudentar fekk nok mykje ut av denne timen, ein inspirasjonsboost ein kald vinterdag. Vi håper og trur at dei etter foredraget følte at «alt er muleg», og at dei bør bruke kreativiteten sin for alt den er verd. De kan lese meir om Jenny og hennar påfunn på www.jennytheolin.com og soapboxandsons.com. Og vi, vi gler oss allereie til neste CCP-time med dei engasjerte studentane våre.

Thriller på Hotell Ivar Aasen

 

Studentane på emnet From Script to Screen ved Høgskulen i Volda, har vore så heldige at dei har fått spele inn filmoppgåva si, ei scene frå thrilleren «Taken», på Hotell Ivar Aasen.

IMG_9232

From Script to Screen er eit emne i skjønnlitterær kortfilm ved Avdeling for kulturfag. Emnet tek føre seg prosessen frå å skrive eit manus, via filming og skodespel, til redigering og ferdig film.

Førre veke var det Thriller på undervisingsplanen, og to av gruppene ønskja å filme scena si på eit hotell. Hotell Ivar Aasen stilte opp og gav studentane to rom til disposisjon torsdag.

– Vi er heldige som har eit næringsliv som er så positivt innstilt til slike prosjekt, seier emneansvarleg Dag Svein Roland, og legg vekt på at det å få spele inn på location er ein stor fordel, for det skaper ei truverdigheit i uttrykket.

Studentane på emnet går Drama og teater og Media, IKT og design, og kvar veke får studentane ulike oppgåver å bryne seg på. – Førre prosjekt var The Bourne Identity og studentane lærer mykje ved å skape desse scenene på nytt. At dei får gjere det i så flotte omgjevnadar er inspirerande for studentane, seier lektor i drama og teater Vibeke Preus Bech, som rettar ein spesiell takk til direktør Vivi-Ann Teige.

Filmoppgåvene skal no redigerast og publiserast, og snart er studentane i full gang med arbeidet med å lage sine eigne kortfilmar. Dei håper på godt samarbeid med lokale krefter vidare framover.

Foto: Live Kristiane Sveva

 

.