FRUKOST I DET GRØNE

Onsdag 19. august inviterte Avdeling for kulturfag til frukost for studentar og tilsette. Dette har vi gjort dei siste åtte åra, og det har vorte ein hyggeleg tradisjon med godt oppmøte. Heldigvis hadde vi vêret med oss, strålande sol frå blå himmel laga den perfekte ramma rundt hendinga.
Dekan Aud Folkestad ønska dei nye studentane velkomen, og tilsette ved Seksjon for musikk bidrog med avslappande taffelmusikk.
IMG_0038

Etter frukosten vart det halde kurs for nye studentar ved Avdeling for kulturfag. Kurset tok føre seg ein del praktisk informasjon studentane sjølve må ta hand om, dei fekk orientering om regelverk og ulike system HVO nyttar, og til slutt fekk dei ei innføring i studieteknikk. Det var bra oppmøte også her. Dette lovar godt, og vi ser med dette fram til studieåret 2015/2016!

IMG_0046     IMG_0049

Studiestart for Idrett årsstudium

Læring gjennom idrettsglede og meistring i eit sosialt studiemiljø.

For ein fantastisk start på studieåret! Torsdag 20. august var Idrett årsstudium ved Høgskulen i Volda på Prestesetra og hadde sosialiseringsaktivitetar, leikar, stafettar og samarbeidsøvingar. Vi ser fram til eit sprekt og innhaldsrikt studieår i lag med denne flotte gjengen.

Idrett årsstudium

Idrett årsstudium Prestesetra

IKT i barnehagen har laget egen e-bok

IKT i barnehagen
Høgskulen i Volda, IKT i barnehagen

Våren 2015 har studentar på vidareutdanningsstudiet IKT i barnehagen blogga seg til læring. Resultatet vart ei eiga e-bok.

– Å blogge er eit arbeidskrav i emnet Barnehagen i ein digital tidsalder. Formålet er å lære om kvifor og korleis ein kan bruke IKT saman med barnehageborna, fortel emneansvarleg Marianne Hagelia.

Hagelia har lenge sakna meir litteratur om IKT i barnehagen. Ho og studentane bestemte seg difor for å setje saman ulike blogginnlegg til ei eiga e-bok. Denne håper dei kan vere med på å skape blest kring viktigheita av IKT i barnehagen.

– Det er mange som meiner mykje om IKT i barnehagen, utan å ha sett seg inn i kva dette betyr for barnehageborn. Med denne e-boka ynskjer vi å vise at det ikkje berre er nettbrett og datamaskiner – det er også GPS, foto og fuglekasser. IKT kan også brukast til leik som til dømes skattejakt, fortel Marianne.

Les e-boka her.