GJESTEFØRELESARAR PÅ IDRETT ÅRSSTUDIUM

Idrett årsstudium h 2015 E. Innselset   Idrett årsstudium h 2015 2 E. Innselset

Tekst: Student Kine Vereide.
Foto: Elisabeth Innselset

Tysdag 22.09.15 hadde Idrett Årsstudium ved HVO to gjesteforelesarar frå Spjelkavik barneskule. Tema for dagen var fysisk aktivitet med bruk av småreiskap og sjølvlaga utstyr. Her viste dei ulike aktivitetar som ein enkelt kan ta i bruk med barn og unge. Det var aktivitetar som enkelt kan gjerast i friminutt, eller i fysisk aktivitet timen.

Variasjonen var stor, og det var stadig ulike måtar å gjere ein leik på. Dei klarte også å gjere dette til ein tverrfagleg aktivitet.

Dette var ein spennande time, då det er veldig relevant for oss. Her såg vi kor enkelt det kunne gjerast, og det skal ikkje mykje til for å kunne sjå smil hos studentane. Det var mykje lag-aktivitetar slik at studentane måtte samarbeide i grupper. Forelesarane nemnde at mobbing og anna ikkje-ønska åtferd har gått ned etter dei begynte å satse på fysisk aktivitet. Barna har rett og slett ikkje tid til å halde på med slik åtferd, men også at det kan bidra med at dei blir betre kjende med kvarandre, og føler ikkje behovet for å trakke kvarandre ned.

Som elles i samfunnet styrar økonomien mykje, også i skulen. Desse lærarane ville få fram at ein kan få til mykje fysisk aktivitet utan at det treng å koste mykje. Her var mykje heimelaga utstyr, som til dømes ”sverd” av aviser.

Dei poengterte også viktigheita at skule legg til rette for den fysiske aktivteten. På deira skule blir det satsa like sterkt på det som på matematikk og norsk. Dette tenkjer eg er noko fleire skular kan lære av.