«Gymmixshow» på Idrettsbygget

FullSizeRender (015)

FullSizeRender (00B)

Fredag hadde studentane som går Årsstudium idrett ved Høgskulen i Volda framsyning av det årlege «gymmixshowet», som markerar avsluttinga på kursa turn og generell koordinasjon. Grupper på 6-8 studentar har siste veka jobba fram flotte koreografiar samansett av grunnleggjande turnelement, parøvingar og lyft, gymnastikk, dans og pyramide. Tilskodarane fekk sjå turnelement frå tradisjonell matteturn som t.d. ruller, handståande, slå hjul, stift, araber og  flikkflakk, parøvingar og lyft der to eller fleire utøvarar utførte stillingar eller dynamiske rørsler i romet, samt sekvensar av dans og i koreografien som danna overgongar, flyt og lyfta fram temaet. Gruppene skulle avslutte med ei felles pyramide, som markerte slutten på koreografien. Tilskodarane som møtte opp på idrettsbygget fekk vere med på ei historisk reise frå 1950 til framtida. Framsyningane viste akrobatikk, kreativitet, originalitet, rørsleglede og flott samarbeid.

FullSizeRender (00F)

Vellukka disputas for Stein Helge Solstad – Strategies in jazz guitar improvisation

Stein Helge Solstad er tilsett på Seksjon for musikk ved Høgskulen i Volda. Solstad forsvarte avhandlinga si ved Norges Musikkhøgskole (NMH) 30. oktober. Opponentar var  professor Ingrid Monson, Harvard University, og professor Raymond MacDonald, University of Edinburgh. Solstad har gjennom ein praksisbasert forskingsstrategi undersøkt korleis jazzgitaristar utviklar og bruker sine ferdigheiter. Opponentane var samde om at han har gitt eit viktig bidrag til auka forståing for jazzimprovisasjon og i tillegg utvikla modellar for  improvisasjonsstrukturar meir generelt. Med sin bakgrunn både som utøvande gitarist og sin praksis som lærar, har han hatt særleg godt grunnlag for  å utvikle ny kunnskap om samspel og kognitive prinsipp ved improvisasjon. Disputasen vart avslutta med at andreopponent MacDonald utfordra doktoranden på det utøvande planet, til ei felles improvisasjonsøkt som vart svært godt mottatt av tilhøyrarane i salen!

Disputas Stein Helge Solstad

Frå venstre: Førsteamanuensis Guro Gravem Johansen, NMH (komitéleder), Professor Raymond MacDonald, University of Edinburgh, Doktoranden Stein Helge Solstad, Professor Ingrid Monson, Harvard University