Snart klart for Kaarstadfestivalen!

Fra: 30. mai 2016 12:00

Til: 05. juni 2016 17:00

Stad: Campus, Gamlegymnaset/Maurtua og Bjørke

 

Kaarstadfestivalen har som mål å skape ein arena og møteplass der dei dyktige og kreative studentane ved Avdeling for kulturfag kan møte publikum, unge som eldre, gjennom konsertar, kunstutstillingar, teaterframsyningar, filmar og fotografi m. m. av høg kvalitet.

FØLG OSS PÅ FACEBOOK!

Vibeke Preus Bech med urpremiere på nytt skodespel

Søndag 29.mai og måndag 30.mai kan publikum oppleve den nyskrivne krimkomedia på Studenthuset Rokken.

Plakatbilde Mord og andre selskapsleker
Fotograf/plakat: Kent Andreas Sæterøy

Det er teatergruppa Teateretaten, ei gruppe samansett av både studentar, tilsette ved HVO og andre speleglade frå Volda, Ørsta og Ulsteinvik, som skal spele Mord og andre selskapsleker for Volda-publikummet. Dette er gruppa si tredje framsyning, etter Peters Venner i 2012 og Musefella i 2015, og gruppa har nå 16 medlemmer. – Det er veldig artig at så mange vil vere med å spele teater, seier styreleiar Are Berge.

Handlinga

I skodespelet møter vi den rike familien Sinding, som skal feire St.Hans-helga på det nyåpna Flåvær Pensjonat. I god krimtradisjon vert familien verfast på Flåvær under ein kraftig storm, og i skuggen av eit mord kjem hemmelegheiter fram i lyset. Den nyutdanna politibetjenten Jesper Jahr får meir enn han hadde rekna med, i møte med 13 potensielle mordarar, der forviklingane står i kø. – Det er spanande å prøve seg på ein sjanger som så mange har eit forhold til, seier manusforfattar Vibeke Preus Bech. Eg håpar eg klarer å innfri forventningane til publikum, legg ho til med eit nervøst smil.

Heilaften

For dei av publikum som ønskjer ei heilaftensoppleving, kan Teateretaten og Rokken tilby framsyninga som Buffét-teater. Rokken lagar ei sommarmat-buffét for 100,- ekstra, som serverast i kafeen på Rokken 90 minutt før framsyninga. Buffét-teatergjestane får reserverte plassar til framsyninga.

Samarbeid

Ei teaterframsyning er eit stort arbeid, og på denne produksjonen har gruppa m.a. fått spesialskriven musikk av Stein Helge Solstad, ei scenografi laga av Jiri Nagy og mange har hjelpt til med å lage kostymar, lånt ut rekvisittar og filmutstyr. – Vi er veldig heldige her i Volda, seier Bech, for det er så mange hjelpsame menneske her, noko som gjer det ekstra gøy å vise skodespelet mitt nettopp her.

For meir informasjon sjå:
https://www.facebook.com/teateretat1/

Eller kontakt:
Vibeke Preus Bech
Tlf: 93873976
E-post: vibekepb@hivolda.no

Fem jenter og ei vidde

Fem jenter og ei vidde
F
oto: Frida Halvorsen


Kven? Eirin, Frida, Kathrine, Oda og Ragnhild.
Når? 30. mars – 13. april 2016
Kvar? Hardangervidda
Rute: Finse – Krækkja – Haugastøl + Finse – Kjeldebu – Dyranut – Stigstuv – Halne – Krækkja – Finse

Årstida hadde så vidt skifta frå sommar til haust, før vi var fem jenter som hadde bestemt oss for at eit av studiets mange høgdepunkt, den sokalla «eigenferden», skulle gå til sjølvaste Hardangervidda. Det som lokka oss mest var nok illusjonen av kvite vidder så langt auget kunne sjå, utfordringar i form av orientering og dårleg vêr, frisk fjelluft og stillheit. I tillegg hadde alle av oss (i alle fall eg) eit sterkt ønske om å komme inn i, og rekke å vere i, den såkalla «turrytma». Det er den rytma som oppstår kanskje etter tre- fire dagar der ein sluttar å tenke tankar som: «Steike, no er det berre 13 dagar igjen», «No skulle det vore godt med ein dusj», «lurer på om katta har det fint no». Det er når man kjem inn i turrytma at ein først er 100% (i alle fall 99%) tilstades akkurat her, akkurat no. Rutina kjem på plass, og samstundes føler man at man er heilt «på plass» sjølv. Det var det eg lengta etter, og sidan vi hadde bestemt oss for å vere ute i 14 dagar hadde vi god tid til å nettopp berre vere tilstades. Samstundes visste eg at det kom til å verte ei utfordring å vere vekke så lenge, så derfor gjekk eg tidleg inn for å forberede meg så godt det lot seg gjere gjennom å øve. Eg øvde på å vere positiv, øvde på å tenke ein tanke om gongen og øvde på å ta ein dag om gongen. I tillegg øvde eg på å møte veggen, og på å finne ut kva tankar som hjalp for å vinne motet tilbake.
Allereie før turen starta hadde eg bestemt at dette skulle bli ein tur som berre skulle nytast, og slik vart det.

For dei som ikkje er erfarne skigåarar eller pulktrekkarar skulle ein kanskje tru at det var sjølve turen som var mest krevande- både psykisk og fysisk. Men når toget slapp oss av på Finse med fem pulkar, ein haug av baggar, beddingar, ski og stavar kunne vi endeleg puste letta ut. Eg trur eg aldri hadde vore så sliten i heile mitt liv. Etter intense veker med planlegging, kartstudering, mattørking, matrasjonering, fuelberekning, pakkelister, nedpakking, utpakking, pakking på nytt, var det befriande å endeleg høyre toget tute seg avgårde og suse ut av rekkevidde. For no var det berre oss igjen: fire jenter (som snart skulle bli til fem) og den fine, kvite vidda.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sidan Hardangervidda tross alt er «Europas største høgfjellsplatå» var vi godt førebudde på at været kunne og ville skifte brått, så når vi satt utandørs og åt vår første middag med kveldssola i andletet var det med stor audmjukheit og takknemlegheit. Det var med god grunn, for allereie same natt snudde været fullstendig og dei neste tre dagane blåste det kraftig. Vi valte derfor å ha to dagar i området rundt Finse, før vi på dag tre sette nasa mot Haugastøl for å hente vår 5. ekspedisjonsmedlem som hadde vore ein snartur i Vietnam. Først no vi fekk kjenne på det å verkeleg vere på langtur, på det å vere undervegs. Det kjentest både skummelt, fantastisk, tungt og vakkert på same tid. Allereie den første forflyttningsdagen vart pulken døypt «Purka», og eg var fast bestemt på at ho skulle verte den beste turkameraten eg nokon gong hadde hatt.

Dei tre dagane vi brukte på å komme oss til Haugastøl var flotte, på tross av at været ikkje var heilt på vår side. Det snødde og sludda, og vi var våte som fire drukna kattar. Likevel var det noko vakkert over det, og vi trivdes. Mykje av grunnen var nok det fine turfølget, noko som eg forøvrig  før turen starta var litt spent på, men som likevel viste seg å vere ein suksess allereie frå den første motbakken. Dei som trur at Hardangervidda er flat må nemleg studere kartet om igjen, meg sjølv inkludert. Terrenget gjekk opp og ned og opp og ned, men likevel var det ein fin balanse. I alle fall når man hadde ein så fin turkamerat som «Purka»: eg måtte nødvendigvis slepe ho med meg oppover, men til gjengjeld fekk eg kose meg på ryggen hennar i pausane. Og det var definitivt verdt alt slitet.

Etter ca 35 kilometer møtte ei solbrun og døgnvill Kathrine oss med eit stort smil og fire, kalde Clausthaler på Haugastøl stasjon, noko som smakte heilt fantastisk. På  vegen hadde vi erfart at våren var komen tidlegare til fjellet enn vi hadde rekna med. Temperaturen var nærmare 10 grader og vi var rosa og svette , i tillegg til at dunjakka og ullundertøyet var bytta ut med shorts og bikini. Som eit resultat av dei høge temperaturane var snøen mjuk og sugde pulken fast i bakken, til og med det å gå nedover var eit slit. Vi bestemte oss derfor for å ta toget tilbake til Finse og starte på nytt derifrå, det fine med friluftslivet er jo tross alt at ingenting er forutsigbart og at vegen blir til medan man går.

Den første dagen etter at vi starta på nytt frå Finse gjekk vi halve dagen i våre eigne skispor frå nokre få dagar tilbake. Dette kjentest litt rart og bakvendt, men når vi svinga av i krysset som skulle ta oss vidare mot Kjeldebu kjentest det ut som vi var på «skikkeleg» tur igjen, og rutinar som ramla litt ut på grunn av støy frå NSB, kom omsider tilbake.

I forkant av turen hadde vi blitt enige om at vi skulle tørke og førebu to måltid kvar, noko som gjorde at vi hadde god og variert mat kvar dag. Desse måltida vart eitt av høgdepunkta gjennom dagen, og allereie frå morgonen av kunne vi diskutere oss fram til kva som skulle stå på menyen når kvelden kom: om det skulle vere hjortebiffgryte frå Myklebustdalen eller eksotisk «Tikka masala ala Oda». Dagane på vidda var stort sett like, eg ser derfor ikkje noko særleg poeng i å fortelle om alle frokostane, alle lunsjane, alle middagane og all sovinga. Det eg ønskjer å peike på er alle dei fine stundene og den lykka eg opplevde gjennom å leve det enkle viddelivet. Kvar dag starta i soveposen, kvar dag vart avslutta i soveposen og alt som skulle skje mellom dei to grunnleggjande tinga var opp til oss sjølve. Den einaste ramma vi hadde var at vi faktisk var på Hardangervidda med 10 ski, 10 stavar, 10 skisko,  fem pulkar og fem kloke hovud, og utover det skulle vi eigentleg berre gå. Likevel var turen så mykje meir enn gåing frå A til B, alle dagane inneholdt små augneblink som var med på å gjere tilværelsen komplett. Det var havregraut og grønn te i soveposen med rim på innsida av teltduken, toalettbesøk med kald rumpe og verdens finaste utsikt, det var smil og latter frå resten av turjentene, gode samtalar i telta, høgtlesing i pausane og det var tannpuss i snøen under stjernene.  Det var ei kvit vidde kledd i eit teppe av milliardar av diamantar som glitra i sola, det var nysgjerrige ryper og oransje solnedgongar, det var gleda over å suse ned bakkar med vind i håret og det var rolege augneblink rundt primusen medan snøen smelta. Friheita kjentest så ekte, og vi visste at vi kunne bruke tida til akkurat det vi ville. Det spelte inga rolle om vi stod opp klokka 06.00 eller 10.30, og det spelte heller inga rolle om vi satte opp telta klokka 16.15 eller 20.36. Alt var opp til oss, og det var så innmari fint.

Alle eventyr har dessverre ein slutt, og det var med motvilje og tårer i augekroken at vi sette oss på toget tilbake til Myrdal og Flåm etter 13 dagar på tur. Det raraste var å møte sivilisasjonen igjen: alt støyet på matbutikken, all teknologien og dei tekniske duppedingsane som føltes så framande og overveldande. I tillegg var det rart å ikkje lenger skulle tilbringe 24 timar av døgnet saman med turjentene. Det tok ei stund å komme tilbake til verden igjen, og den første tanken som slo meg etter å ha våkna for første gong heime i mi eiga seng var at eg gledde meg til å gå ut å smelte snø. Skuffelsen var enorm når eg kom på at eg no tross alt var i eit moderne hus med vask og rennande vatn. Rastlaus tusla eg rundt ei stund før lengselen vart for stor og været for fint og eg berre måtte finne fram skia å gå ut og opp.

Turen på Hardangervidda sette to strekar under svaret: livet mitt vil truleg alltid vere best ute, det er nok ein livsvarig dom. Dessverre. Gudskjelov.

Tekst: Ragnhild Urtegård Haugen

Les også om vandring i Blåfjella på denne bloggen: https://snowyweb.wordpress.com/2016/05/05/pa-vandring-i-blafjella-skjaekerfjella/