Åtte veker i praksis hos Fantastiske Osberget

Praksis i Fantastiske Osberget: F.v. Dagleg leiar Magne Grimstad, Gina Korslund, Even Pettersen, Ole Andreas Vekve og dagleg leiar Åge Grimstad.

Denne veka starta tre studentar frå linja  Media, IKT og design på åtte vekers praksis hos Fantastiske Osbeget. Dei tre går tredje året ved Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda, og er ferdig utdanna i juni.

– Sidan det er tredje året ville vi gjerne vere i Volda. Derfor var det fint å få desse praksisvekene i eit byrå i nærområdet. Vi var her på intervju, og fekk eit godt inntrykk både av arbeidsmiljøet og arbeidsinnhaldet. Vi har fått utføre reelt arbeid, og det set vi pris på, fortel Gina Korslund (22) frå Sørum. Den første arbeidsoppgåva hennar er designet til ei bok som Fantastiske Osberget skal produsere for Hareid historielag.

Even Pettersen (27) kjem frå Fosnavåg. Han har starta praksisperioden med å lage storyboard til ein reklamefilm til ein av byråets kundar; altså ei visualisering av korleis filmen etter kvart skal sjå ut.

Ole Andreas Vekve (22) kjem frå Rissa ved Trondheim. Han jobbar med nytt nettside-design til ein annan av byråets kundar.

Dei tre vil absolutt tilrå Volda som studentstad. Miljøet er godt. Samtidig er det spesielt at det er om lag like mange studentar i bygda som der er fastbuande. – Vi har god erfaring med å ha studentar i praksis her. Dette er jo «det nye blodet». Dei gir oss input og utfordrar oss med nye ting; hjelper oss med å vere i utvikling. Så er det ein bonus at dei også kan ta unna litt arbeid i ein periode vi har mykje å gjere, forklarer dagleg leiar Magne Grimstad.

Sak og foto: Fantastiske Osberget

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>