All posts by Fanny Holmin

Utstilling studentarbeid – formgiving

Studentarbeid_Volda_kunstoghandverk_Emilie_Minnesjord_web
Studentarbeid_Volda_kunst_og_handverk_Emilie_Minnesjord

TYSDAG 3. JUNI OG ONSDAG 4. JUNI KL. 18-20
STAD: DEN NYE DELEN AV KAARSTAD-HUSET,
INNGANG NORD (mot Kårstadvegen) OG AUST (mot sjukehuset)

Komande tysdag og onsdag kveld, vil seksjon for Formgiving, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda halde ope delar av verkstad-lokala sine der bachelorstudentar held utstilling. Studentane har arbeidd med sjølvvalt tema og materialområde i eit halvt år, og dei er til saman 20 i talet.

Arbeida syner stor breidde. Du får mellom anna sjå skulpturar i keramikk, papir og glas, måleri, grafikk, smykke i tre og metall, funksjonell design i strikking og toving, saum, foto, teikneserie, teikning – og meir. I gangen utanfor verkstaden har også emne Tre og tradisjonsarbeid stilt ut knivar, koppar og sveip. Velkomen!

Her kan du lese om tidlegare utstillingar og underfundige hønekrokiprosjekt som bachelorstudentane har hatt!

Avdeling for kulturfag tilbyr to 3-årige utdanningsløp i kunst og handverk.  Bachelor og faglærarutdanning.

volda_INFO_FOTO_STUDIESITUASJON_Kunst og handverk_web_LINE SJOHELLE_2012_1 (15)
volda_STUDIESITUASJON_Kunst og handverk_LINE SJOHELLE_2012_

GRÅBLÅ VÅRKVELD I STØA PÅ YKSNØYA

Trass i at havskodda hang over Gurskøya og nordvesten kjøla publikum, gav gråveret i bakgrunnen ein fin kontrast mot musikarane på bryggekanten på Yksnøya ytst i Voldsfjorden. Impro-jazzgruppa Quest og samtidskomponisten Magnar Åm mana fram lysare stemningar hos dei rundt 90 personane, som laurdag 24.mai hadde benka seg i støa.

Høgskulen_Volda_friluftsliv_Vårkveld_Yksnøya1
Høgskulen_Volda_friluftsliv_Vårkveld_Yksnøya

Ein spesiell og på sin måte eksotisk musikalsk maikveld i støa på HVO sin Base på Yksnøya.                         Foto: Anne-Mari Falkevik.

Fagmiljøet Idrett og friluftslivHøgskulen i Volda inviterte publikum til utekonsert på Basen på Yksnøya, der dei driv kurs i kystfriluftsliv. Fagmiljøet er knytt til Avdeling for kulturfag og til dette arrangementet samarbeidde dei med fagtilsette og utøvande musikarar frå musikk, realfag og språkfag. Det er eit poeng i seg sjølv å arbeide på tvers av fagmiljø, særleg i utviklingsarbeid, seier Base-ansvarleg Nils Ola Skuset, det er viktig å vise at natur og naturelement engasjerer og inspirerer både innanfor friluftsliv og musikk.

Impro-jazzgruppa Quest består av Andreas Barth, Erik Fooladi, Geir Petter Hjorthol og Torleif Sagstad. Dei inviterte samtidskomponisten og improvisasjonsmeisteren Magnar Åm til samspel på denne konserten. Her vart naturlydar som bølgjeskvulp, vind og gåsekvakking lagt inn saman med undervasslydar frå mikrofonen nedsenkt i sjøen. Gjenstandar frå fjøra og øya vart nytta som perkusjonsinstrument. Quest sitt særeigne lydbilde vart godt framheva og nennsamt mixa av teknikaren Kjetil Kristiansen frå Lydkjellaren i Ålesund.

Høgskulen_Volda_friluftsliv_Vårkveld_Yksnøya
Høgskulen_Volda_friluftsliv_Vårkveld_Yksnøya

Impro-jazz i fint driv på Yksnøya. Quest-medlemmmene Torleif Sagstad på gitar, Andreas Barth og Erik Fooladi på stadeige slagverk og Geir Petter Hjorthol på trompet. Samtidskomponist Magnar Åm på keybord. Foto: Nils Ola Skuset.

Dei tilreisande hadde budd seg med gode klede og varmande pledd, for som ein av dei sa var det klart at dei skulle tåle slikt ver når dei la ut på båttur og dessutan hadde Magnar Åm i vente! Publikum applauderte det dei opplevde, og som fleire uttalte medan dei venta på heimskyssen etter konserten: “Her fekk vi ein fin stemningskveld. Slike arrangement må verte ein årleg happening her ute!”

Høgskulen_Volda_friluftsliv_Vårkveld_Yksnøya
Høgskulen_Volda_friluftsliv_Vårkveld_Yksnøya

Musikarane vart takka av på stadeige rekved. Fjøla heng no i naustet på Yksnøya!  Foto: Antje Meier.

Du finn bildegalleri frå konserten hos Gunnar Wangen: http://naturfotografen.zenfolio.com/f39393984.

Etherna og Fabio Lione på ROKKEN

volda_musikk_konsertanmeldelse_Etherna og Fabio Lione
volda_musikk_konsertanmeldelse_Etherna og Fabio Lione

Søndag 27. april sto Etherna på scena på ROKKEN i Volda, ein konsertopplevelse som skulle vise seg å endre mange av dei oppmøtte tilskodarane sitt syn på «power metal»-sjangeren. Heilt frå Piza, Italia hadde bandet reist – saman med sin gode ven Fabio Lione – for å spele ein miniturné fra Ålesund til Volda. Med seg hadde dei Darkest Sins, eit lokalt band som sjølv hadde tatt ansvar for å få musikarane flydd inn til Noreg. Instillinga mi før konserten var noko skeptisk, men dette skulle fort endre seg.

Continue reading Etherna og Fabio Lione på ROKKEN

Nasjonal festkonsert – Symfoniorkester

Symfoniorkesteret sin 17. mai -konsert
Med Jorun Marie Kvernberg som solist

Symfoniorkesteret  ved Høgskulen i Volda og Jorun Marie Kvernberg
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda og Jorun Marie Kvernberg. Foto: Marius Beck Dahle.

Stad: Konsertsalen i Kaarstad-huset på Høgskulen i Volda
17. mai 2014
Tid: 20.00

17. mai kan du høyre Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Den tradisjonsrike konserten har to nye element i år! Ny konsertsal og samarbeid med folkemusikaren Jorun Marie Kvernberg.  Her får du blant anna høyre hardingfelekonserten Tri fjordar av Geirr Tveitt.
Les omtale

Billettar:
Vaksne: kr 250
Studentar: kr 100
Born: kr 50
Ver tidleg ute, her kan verte kamp om plassane!

Har du vært student i Volda?

Av og til er det artig å mimre og tenke tilbake på alle studentane som har studert i Volda gjennom tidene! Drama og teater har dykka litt i arkivet og leita fram nokre historier om tidlegare studentar som har hamna på dei skrå bredder – kanskje til inspirasjon for dagens studentar?

 

Student ved Høgskulen i Volda på Oslo Nye Teater
Student ved Høgskulen i Volda på Oslo Nye Teater

 

Frå i vår hugsar vi Martin Trondsen som har boltra seg på Oslo Nye Teater i forestillinga Da Hilde ble 50. Stykket vart ein suksess med ekstraforestillingar og gode meldingar.

 

 

 

Student ved Høgskulen i Volda på Actor´s Studio Drama School
Student ved Høgskulen i Volda på Actor´s Studio Drama School

 

Men visste du at i fjor kom tidlegare bachelorstudent i drama og teater, Raymond C. Knutsen, som første nordmann inn på Masterstudiet i skuespillerkunst ved den prestigetunge Actor’s Studio Drama School? Her har Robert De Niro, Dustin Hoffman og Jack Nicholson studert. Raymond har bakgrunn frå Nye Fyllingsdalen teater, og han har også figurert i Høgskulen sine rekrutteringsfilmar.

 

Student ved Høgskulen i Volda i film av Harald Zwart
Student ved Høgskulen i Volda i film av Harald Zwart

 

Også Henrik Morken Nielsen har studert i Volda før han gikk til filmen som den lett hysteriske Helge i  “Lange Flate Ballær 2″. Der var han under regi av Harald Zwart. Her kan du lese om Henrik sitt vidare arbeid  som skodespelar.

 

 

Student ved Høgskulen i Volda ved Festspillene i Nord-Norge
Student ved Høgskulen i Volda på Festspillene i Nord-Norge

 

Sist, men ikke minst hugsar vi Christine Karlsen si rolle i Nordnorsk Scenekompanis oppsetning av Hamlet. Forestillinga hade premiere under Festspillene i Nord-Norge i Harstad, og vart sidan spelt i Tromsø.

Skiutdannig og Idrett Fordjuping – noko for deg?

 

skiutdanning kurs Høgskulen i VoldaAnna Kristina Trøbakk har vore student på emnet Skiutdanning som er 15 studiepoeng innanfor Idrett sitt fordjupingsstudie:

«Det å ta skiutdanning i Volda har vært veldig fint synes jeg. Det har vært et bra undervisningsopplegg dere har gjennomført i alpint og telemark ski. Det har vært godt tilrettelagt for oss som ikke bor i Volda, og ikke vært noe problem å få gjennomført studiet. Jeg har lært mye om ski gjennom de to ukene i Hafjell og gjennom jobbing med caseoppgavene! Idrett fordjuping er et veldig bra studie som jeg anbefaler alle å ta.»
Les mer om idrett.skiutdanning Høgskulen i Volda

Forestilling: Mon Signor – dramafag

Drama Høgskulen i Volda
Drama Høgskulen i Volda

Da er det klart for første klasse sin vårforestilling!
Mandag 12.05, 19:00
Tirsdag 13.05, 19:00
Onsdag 14.05, 19:00
Sted: Teatersalen, Kaarstad-bygget.
Pris: 80 kr (studenter) 100 kr (voksne)

Drama Høgskulen i Volda
Drama Høgskulen i Volda

1. år bachelor drama/teater skal sette opp forestillingen Mon Signor, en forestilling basert på filmen Four Rooms av blant annet den annerkjente regissøren Quentin Tarantino. Det er andre gangen Mon Signor spilles i Volda, etter mange forespørsler fra publikum om å sette stykket opp igjen. Skuespillet er en del av eksamen til studentene og de skal ha tre forestillinger.
Mon Signor er en svart komedie som følger pikkoloen Ted sin første nattevakt på jobb, på hotellet Mon Signor i Hollywood. Ted blir gitt klare instrukser av sin sjef Betty: ”Hold deg unna natteranglere, unger, horer og ekteskapelige krangler”. Betty forlater Ted med alt ansvaret på selve nyttårsaften, og intrigene og utfordringene står i kø for stakkars Ted.

- Vi har valgt å lage stykket i noir-stil, med stilisert spillestil, mye musikk, fargesymbolikk, og tidsriktige rekvisitter og kostymer, sier emneansvarlig og regissør Vibeke Preus Bech, som også vil nevne at skuespillet ikke passer for de minste.

Billetter kan fra og med 8. mai kjøpes på forhånd i resepsjonen i Berte Kanutte-bygget på høgskulen. (Kun kontant.) Billetter kjøpes også kontant ved inngangen til teatersalen før forestilling.

Følg oss på Facebook
Mens vi venter kan vi more oss over noen flere bilder fra prøvene:
IMG_5309 IMG_5325 IMG_5327 IMG_5330 IMG_5333 IMG_5335