Category Archives: Musikk

Musikk

Musikkdidaktisk praksis

Førre veke var førsteårsstudentane på årsstudium og bachelor i musikk ute i praksis. I samband med emnet MUS102 “Musikkundervisning for barn og unge 1″ skal alle gjennomføre ei veke med musikkdidaktisk praksis i grunnskulen. Både bacheloren og årsstudiet legg vekt på at studentane skal lære utøvande og god pedagogisk verksemd, slik at dei seinare kan jobbe i til dømes grunnskulen/SFO, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet eller i privat næring.

musikkaktivitetar for barn og unge_asylmottaket i Volda, Volda Statlige Mottak, musikk, Høgskulen i Volda
Både studentane og barna viser musikkglede. Foto: Elizabeth Oltedal.

Ei studentgruppe hadde laga eit musikkopplegg for barn som dei gjennomførte på asylmottaket i Volda, også kalla Volda Statlige Mottak. Høgdepunktet i opplegget var ein minikonsert for føresette og tilsette fredag 24.oktober. Det heile vart avslutta med ei hyggeleg kaffistund der mødrene hadde laga til med både kaker og vaflar. Stemninga var på topp, og dei flinke musikkstudentane fekk mange hjertevarme klemmar.

Alle partar var fornøgde med opplegget. Kanskje dette bør bli ein tradisjon?

Vi gratulerer Magnar Åm med Edvardprisen!

Vår kjære komponist Magnar Åm er professor ved Avdeling for kulturfag. Han er vinnar av Edvardprisen 2014 i kategorien Samtid. Under opningsfesten for Fosnavåg konserthus på fredag får han overrakt prisen.  Vi gratulerer! Les meir på Høgskulen i Volda sine nettsider og i avisa Sunnmørsposten.

Magnar_Aam_Høgskulen i Volda
Magnar_Aam_Høgskulen i Volda

Konsert med Høgskulekoret og Symfoniorkesteret

Ei reise frå natt til dag  
Volda kyrkje
Torsdag 23. oktober kl. 1930.
Pris 150/100

Symfoniorkesteret og Høgskulekoret ved Høgskulen  Volda
Symfoniorkesteret og Høgskulekoret ved Høgskulen Volda

Visste du at Høgskulen i Volda har eit eige Høgskulekor og ikkje minst eit eige Symfoniorkester? No kan du få høyre dei begge i ein felles konsert!

Orkesteret vil framføre Symfoni i h-moll, ”Den ufullendte” av Franz Schubert. Verket vart skrive i 1822-23 og kom ikkje inn på standardrepertoaret før mykje seinare på attenhundretalet.  Schubert sitt verk har to lange, vakre og formfullende langsame satsar, med meisterleg melodikk og store kontrastar innanfor kvar sats. I dag vert denne symfonien regna som den fyrste fullblods romantiske symfonien – skrive to år før Beethovens niande.

Koret vil framføre kormusikk frå dei siste tjue åra, utforma som ein form for reise frå natt til dag. Programmet vekslar mellom musikk i klassisk tradisjon av komponistane Eric Whitacre og John Rutter, og folkemusikk for kor frå Brasil, Venezuela og Sør- Afrika, og mellom rolege og livlege stemningar.

Konserten er åpningskonsert hjå Kyrkjemusikkdagane i Volda, for meir informasjon om desse, sjå Kyrkjemusikkdagane på Facebook.

Her kan du lese om ein tidlegare konsert kor og orkester hadde saman.

Jørn finalist i Idol 2014!

I går var det duka for fjerde semifinale i sangkonkurransen Idol TV2. Jørn Trollebø Kvalheim var ein av dei ti deltakarane som hadde sjansen til å gå vidare til finalen. Den vakre framføringa av “Where do my bluebirds fly” av Tallest man on earth rørte både dommar Tone Damli og programleiar Stian Blipp.

YouTube Preview Image

Framføringa var så bra at dei andre semifinalistane reiste seg. Tv-sjåarane var også mektig imponerte, noko som førte til at Jørn vart stemt vidare til topp 10 saman med Tara Lill Flåten Nicolaisen.

Til dagleg studerer Jørn musikk ved Høgskulen i Volda, og han har tidlegare uttalt at det er ein fordel: “Det er noe med å ha sangteknikk, kjenne på presset og kjenne at dette er alvor. Da tar en gjerne litt ekstra i når en synger, og blir fortere sliten”.

Seksjonsleiar Øystein Salhus og høgskulelektor Svein Hunnes ved musikkseksjonen på Avdeling for Kulturfag har mykje positivt å seie om Jørn:
«Jørn er veldig engasjert, og han har ein smittande energi som publikum også får kjenne på» seier Salhus.
«Ja, framføringane hans er ekte og inderlege» legg Hunnes til.

Som student er Jørn er ein stjerneelev på alle måtar. Han er aktiv i musikkmiljøet både på og utanfor høgskulen. Salhus og Hunnes er einige om at Jørn har god innverknad på klassemiljøet. For Jørn er det truleg også hjelpsamt å ha medstudentane som støttespelarar under Idol. «Det er ei god og støttande klasse!» påpeikar Hunnes.

I forhold til Jørn sine sjansar vidare i Idol er Hunnes og Salhus optimistiske. «Jørn syng sjølvsagt veldig bra! Han er også flink til å velje songar som passar til stemma hans» meiner Salhus. Hunnes er einig og påpeikar at det er ein stor fordel at Jørn er mottakeleg for innspel frå andre. «Jørn er veldig lærevillig, og han har i tillegg beina godt planta på jorda» avsluttar Hunnes.

– Les meir om Jørn sin prestasjon i semifinalen i VGSunnmørsposten, Fjordens Tidende  og på TV2.no.
– Intervju med Jørn og Tara etter semifinalen kan du sjå her.

Tidlegare bloggpostar om Jørn:
Jørn vidare i Idol
Idol-kjendis på AKF

Is-slottet: Nykomponert opera med musikk av Magnar Åm

No kan vi alle få høyre og sjå Is-slottet det nye operaverket til komponist Magnar Åm, professor ved Høgskulen i Volda.

Magnar Åm Komponist og professor musikk Høgskulen i Volda
Magnar Åm Komponist og professor musikk Høgskulen i Volda

Tirsdag 30. september kl. 19.00
Is- slottet
Opera
Sjøborg Kulturhus i Ulsteinvik

Ulsteinvik er berre 30 minutt frå Volda.

Operaen er basert på romanen Is-slottet av Tarjei Vesaas.  Dette er ein samproduksjon mellom musikkteateret Saum og Den Ny Opera i Danmark.

Is-slottet komponist Magnar Åm frå Høgskulen i Volda
Is-slottet komponist Magnar Åm frå Høgskulen i Volda

Magnar Åm seier i eit intervju med Vikebladet at det var fulle hus ved den strålande urframføringa i Danmark den 16. september.

Etter ein turnéperiode i Noreg, skal operaen ha gjestespel på Det Kongelige teater i København.

Sjå smakebitar frå Is-slottet og dei medverkande her:

Komponist Magnar Åm er til dagleg ansvarleg for dei tverrfaglege masteremna til Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda.
Fleire prosjekt ved Høgskulen der Magnar Åm var involvert:
Vårkveld på Yksnøya – Friluftskonsert
Picadon – Music, dance & film – tverrfagleg kunstprosjekt

Jørn vidare i Idol

Jørn Trollebø Kvalheim som studerer musikkHøgskulen i Volda er som tidlegare nemnt med i sangkonkurransen Idol.

Under sendinga på fredag gjekk han vidare både frå den individuelle runda og trio-delen. Sjølv om Jørn var med i ein trio vart deltakarane dømt etter personleg prestasjon, og Jørn var ein av to som gjekk vidare i sin trio.

Høyr dei flotte sangprestasjonane her:
YouTube Preview Image

YouTube Preview Image

 

Jørn er no ein av dei 55 gjenståande deltakarane. Følg med på TV2 på onsdag kl.20.00 for å sjå om dommarane vel ut Jørn som ein av dei 40 semifinalistane i Idol 2014.

Idol-kjendis på AKF

Jørn Trollebø Kvalheim frå Måløy studerar musikk ved avdeling for kulturfag Høgskulen i Volda. Han har akkurat byrja på det tredje året i bachelorutdanninga i musikk. I går fekk han vist heile Noreg det store talent han har gjennom sangkonkurransen Idol.

Skjermpdump frå Idol-auditionen til Jørn Trollebø Kvalheim på tv2.no.
Skjermpdump frå Idol-auditionen til Jørn Trollebø Kvalheim på tv2.no.

Etter auditionen var tilbakemeldingane frå dommarane overveldande positive:
“Det er kanskje det kuleste jeg har hørt så langt i år!” – Kurt Nilsen.
“Jeg fikk frysninger, men ble helt varm inni meg. Det var ekstremt fint.” – Tone Damli Aaberge.
“Helt rått, I love it!” – Esben “Dansken” Selvig.
“…sånne folk som deg gjør at jeg blir sinnsykt glad for at jeg driver med dette!” – Gunnar Greve Pettersen.

Jørn har blitt lagt merke til, og han har fått store oppslag i fleire mediekanalar som blant anna SunnmørspostenTV2 og kjendis.no.

Vi på kulturfagsavdelinga ved Høgskulen i Volda er sjølvsagt veldig glade for at talentet til ein av studentane våre kjem fram i nasjonal samanheng. På Høgskulen i Volda har Jørn har blant anna vore aktiv i studentbandet “The Blues, The Brass and The Bigband“. Nyleg spelte han og medstudenten Bjørn Thorshaug Lilleengen på velkomstfrukosten til kulturfagsavdelinga i samband med opninga av det nye studieåret.

Om du ikkje såg Idol på TV2 i går kan du gå inn på YouTube for å sjå heile Idol-auditionen til Jørn der.

Dersom du vil høyre meir frå Jørn kan du kike på desse lenkene:
- Profil for Jørn Trollebø Kvalheim på Urørt.
- Facebook-side for The Blues, The Brass and The Bigband

Forskingsdagane 2014

Frå 19. til 23.september vert Forskingsdagane 2014 arrangert av Høgskulen i Volda. Forskingsdagane er ein årleg festival som føregår  ulike stader i heile landet. Gjennom gratis arrangement som er opne for alle vil forskingsdagane skape merksemd og forståing kring forsking.

Det nasjonale temaet for 2014 er “kommunikasjon”. Kommunikasjon er eit omfattande tema som på ulike måtar kan knytast opp mot alle fagområde på Høgskulen i Volda. I tidsromet 19.-23.september er det lagt opp til eit tettpakka program, der folk i området kan få innblikk i ulike forskingsprosjekt som dyktige fagpersonar ved Høgskulen i Volda jobbar med.

For full oversikt over programmet for Forskingsdagane 2014 klikk her.

Plakat med reklame for Forskingsdagane 2014.
Plakat med reklame for Forskingsdagane 2014.

Plagge i barnehagen

I samband med Sunnmøre kammermusikkfestival denne veka spelte pianist og komponist Wolfgang Plagge i Trollsletta barnehage i Volda. Festivalen ønskjer å tilby gode musikkopplevingar på høgt nivå, og det vert lagt vekt på at det skal vere ein festival for alle. For å nå dei yngre delane av befolkninga var altså eit besøk i barnehagen ein del av musikkprogrammet.

Wolfgang Plagge, Høgskulen i Volda, Foto: Knut Arne Aarset, Sunnmøre Kammermusikkfestival
Wolfgang Plagge. Foto: Knut Arne Aarset.

På nrk.no kan du sjå video av Plagge sitt besøk i barnehagen, og samstundes sjå intervju med Øyvind Eiksund som er styreleiar i Sunnmøre kammermusikkfestival.

Unik kulturfagsavdeling

Førre veke vitja stortingsrepresentant Pål Farstad Høgskulen i Volda. Under omvisninga på campus vart det brukt mest tid på Avdeling for kulturfag og Avdeling for mediefag.

“Volda er ein utruleg viktig høgskule, og vi må ha rom for dei humanistiske og kreative faga høgskulen er spissa på” uttalte Farstad.

Avdeling for kulturfag, pressebilete, Aud Folkestad, Pål Farstad og Leif Barmen.
Omvising på eit nyoppussa musikkrom. F.v: Aud Folkestad, Pål Farstad og Leif Barmen.

Dekan ved Avdeling for kulturfag, Aud Folkestad, trekk fram det breie tilbodet innan kulturfag som eit særtrekk for Høgskulen i Volda. Sterke fagmiljø innan mange retningar kombinert med eit godt samarbeid med mediefaga gjer kulturfagsavdelinga unik.

Les heile saka her.

Sunnmøre kammermusikkfestival

Sunnmøre kammermusikkfestival Volda
Sunnmøre kammermusikkfestival

Sunnmøre kammermusikkfestival har som mål å tilby gode musikkopplevingar på høgt nivå. Festivalen startar i dag, 1.september, og varar til laurdag 6.september. Det konseptuelle utgangspunktet for årets kammermusikkfestival er 1814-jubileet, der publikum kan delta på mange spennande konsertar og seminar/meisterklassar.

Les meir om Sunnmøre kammermusikkfestival på nettsidene til Høgskulen i Volda: www.hivolda.no

Fadderveka 2014

Fadderveka 2014 logo

På Høgskulen i Volda er Fadderveka 2014 allereie godt i gong. Det er lagt opp til eit variert program med mange ulike aktivitetar og arrangement for at alle skal finne noko dei har lyst å delta på.

I dag kan studentane blant anna trene gratis på treningssenteret Stamina HOT  kl.13. Nokre timar seinare har studentane mogelegheit til å prøve seg på klatring i Klatresiloen eller delta på ein sosial fisketur på kaia dersom det fristar meir. Seinare kan ein nyte film frå Dokfilm i Røysløda, før det vert konsert med den norske rockegruppa Kakkmaddafakka på Rokken Studenthus.

Full programoversikt for resten av Fadderveka 2014 finn du her.

Studentfadrane Jeanett Tangen og Hanne Stokke med ansvar for å spre glede under volleyballturnering. Foto: Erica Lunde.
Studentfadrane Jeanett Tangen og Hanne Stokke sprer glede under volleyballturnering på Årneset. Foto: Erica Lunde.

Frukost i parken for kulturfagsstudentar

Frukost i parken_Avdeling for kulturfag_Volda
Frukost i parken_Avdeling for kulturfag_Volda

Velkommen til AKF-frukost
Onsdag 20. august Kl. 10.30 -11.30
Kaarstadparken

Avdeling for kulturfag har ein flott tradisjon med å servere studentar og tilsette ein staseleg frukost i det grøne ved studiestart.

Kaarstadparken, Høgskulen i Volda
Kaarstadparken, Høgskulen i Volda

Etter frukosten blir det kurs og informasjon for nye studentar:
“Frå elev til student”. Kl. 12 – 13  i Konsertsalen i Kaarstad-huset.

Offisiell opning av studieåret er dagen før, tirsdag 19. august kl. 12 ved Berte Kanutte HusetLes meir om Studiestart  på Høgskulen i Volda –  StudiebygdA.

Dersom det blir regn, flyttar vi frukosten inn i Kaarstad-huset, så vel møtt uansett vêr!

Musikk i Kaarstadparken_Høgskulen i Volda
Musikk i Kaarstadparken_Høgskulen i Volda

 

 

Debutsingel frå Eirik Sognnes

Fredag

Den gode kjensla av fredag og fri kan vi alle kjenne oss att i! Sjå musikkvideoen til singelen Fredag som er filma på Kaarstad-huset og Rokken.  Mannen bak musikken, Eirik Sognnes er nyutdanna student frå musikk-bachelor.  Og produsent for videoen er tidlegare student på  MID-bachelor Atle Vasbotn Remmereit.

Eirik Sognnes_musikk_ Volda_ Foto: Chris Håvard Berge
Eirik Sognnes_musikk_ Volda_ Foto: Chris Håvard Berge

Presse:  Eirik fortel om musikken sin og prosjektet på framtida.no og porten.no. Liste over musikarane, skodespelarane og videoprodusentane finn du på  hivolda.no.