Prezi-presentasjon av meg sjølv

Toril er student ved DKL (digital kompetanse i læring ved Høgskulen i Volda)


«Dere skal få hoppe rett på! 
Her er første bloggoppgave i DKL114:

Lag en presentasjon av deg selv i levende bilder og lyd, med hjelp av digitale verktøy.»

Med desse orda kasta Albertine og Jon meg, og sikkert fleire, ut på djupt vatn. Etter ei kort idémyldring i hovudet mitt sat eg at med det store spørsmålet «Korleis?». Hadde eg stått i ein dramasal, kunne eg lett ha ordna levande bilder og lyd ved hjelp av levande menneske. Eg er van å arbeide med levande menneske. Dei er greie å regissere. Ingen knappar og program, berre dialog. Men spranget frå å regissere til å redigere er ganske stort. Vertfall for meg. Så eg svarte på spørsmålet «korleis?», med eit nytt spørsmål: «paint?» og deretter byrja eg å le. Eg fann heldigvis lista over moglege verktøy vi kunne bruke før eg kom så langt at eg opna paint, men eg drog ikkje kjensel på nokre av namna, med unntak av Vimeo.

Svogeren min kan slikt som eg no skal lære. Han er min tekniske support, så eg ringte han for å få nokre start-tips. Han byrja også å le då eg fortalte kva eg skulle til med. Etter ein liten prat enda eg opp med å opprette ein konto på Prezi, eit program han meinte å hugse var brukarvennleg for nybyrjarar. Eg innsåg kjapt at eg kom til å få ei ganske bratt læringskurve og sette i gong. «Prezi is a virtual whiteboard that transforms presentations from monologues into conversations: enabling people to see, understand, and remember ideas». (http://prezi.com/about/)

I Prezi finn ein ulike ferdige templates, eller forslag til korleis presentasjonen din kan sjå ut. Ein kan enten velje mellom- og arbeide ut ifrå ein av desse, eller ein kan lage ein sjølv heilt frå botnen. Eg prøvde begge deler, og enda i denne omgang opp med å bruke ein ferdig template som utgangspunkt for presentasjonen min. I Prezi fyller ein eit virtuelt whiteboard med den informasjonen ein vil formidle, før ein så bestemmer kva rekkefølge informasjonen skal visast i. Ein kan legge inn både bilder, film, tekst og lyd. Eg har holdt meg til bilder, tekst og lyd. Når ein er nøgd spelar ein av presentasjonen slik ein gjer med ein powerpoint-presentasjon. Enten trykker ein seg fram frå bilde til bilde, eller ein kan velje autoplay. Prezi er zoom-basert, som vil seie at det blir zooma inn og ut mellom dei ulike lagra elementa i presentasjonen.

De som ser prezi-presentasjonen må trykke ein del for å komme gjennom, med mindre de vel autoplay-4sec nede i høgre hjørne. Eg har laga presentasjonen slik at det skal passe med tida ein treng på å lese/sjå kvart bilete. Eg tok litt av då eg innsåg at kvart enkelt vesle objekt i presentasjonen kunne lagrast som eit eige bilde. Det være seg eit enkelt ord, eller ein bilde-collage. Eg legg difor ut prezi-presentasjonen min, samt link til presentasjonen lasta opp som film i Vimeo for moro skuld. Filmen i vimeo fekk eg hjelp til å lage av teknisk-support svogeren min, så no har eg byrja å lære litt om å klippe film også. Filmen er laga ved å manuelt trykke seg gjennom kvart enkelt bilete i ynskja tempo. Musikken vart lagt på til slutt.
Jon skreiv heldigvis i den første leksjonen her på DKL114, «Enjoy the course and remember to try to FAIL».  Vel, oppdraget er utført! Eg har prøvd å feila i mange timar for å få til denne vesle Prezi-presentasjonen. Eg hugsa at eg måtte finne musikk til fri bruk, cc-lisensiert musikk, men i den skapande prosessen hugsa eg ikkje at det også gjeld for bilete. Det gjekk med nokre timar ekstra sidan eg måtte skifte ut ein heil del av bileta eg hadde brukt. Eg gløymer ikkje det neste gong.
Læringskurva har vore bratt, eg har snubla ein heil del, men det har vore veldig kjekt! Det er lenge sidan eg har arbeidd så konsentrert med ei oppgåve, og eg ser fram til å klatre, snuble og feile mykje meir! Ein ting er sikkert, eg sit att med mykje kunnskap som eg ikkje hadde for tre dagar sidan, då min første tanke om digitalt verktøy var å bruke paint.

 

-Toril

(reblogget fra http://rutorilstudiebloggdkl.blogspot.no/2014/09/prezi-presentasjon-av-meg-sjlv.html)
Prezi-presentasjon

Vimeo: Prezi-presentasjon

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>