Eigenferd i Femundsmarka

I emnet IFL105 “Frå fjøre til fjell”Høgskulen i Volda inngår ei veke med eigenferd i grupper, altså tur utan lærar, som eit arbeidskrav. Emnet er ein obligatorisk del av friluftsliv årsstudium og første året på bachelor i friluftsliv. Seks av friluftslivstudentar valgte i haust å ta turen til Femundsmarka nasjonalpark. Her skildrar studenten Tarjei Engeset Ofstad nokre av opplevingane på turen:

Vi startar eigenferda med ein Norge på tvers-køyretur, frå Volda i vest til Femundsmarka i aust som mål. Det er litt campingturistar over gruppa den kvelden, med bilen rett ved første leirplass; det regnar, så det er greitt å kunne lette ein del utstyr stå tørt inne i bilen. Vi setter opp dei to telta på snøkvite, silkemjuke lappar av kvitkrull på skogbotnen sin mosaikk. Kvitkrullen har antibiotisk verknad, påpeiker sjukesøster Line. Naturforvaltar Jon er rask med å finne eit gildt stykke tyrirot slik at vi får tent lyssterkt bål i regnet.

Det finnes ikke dårlig vær, når man smiler som det her, friluftsliv, Høgskulen i Volda, Foto av sondre stenesbøl
“Det finnes ikke dårlig vær, når man smiler som det her”. På topp: Sondre Stenesbøl. Øvst frå venste: Line Skrepstad og Stina Johansson. Nedst frå venstre: Jon Meiholt, Tarjei E. Ofstad og Andreas Tegnér.

Det blir morgon, stadig regnar det og gruppa føler trang til å komme i gang. Vi går på ein sti brei nok til å frakte ut elg med firehjuling, den blir døypt «motorvegen». Etter ei stund utbrytar Line optimistisk at vi nå har nådd toppen av alle (dei få) høgdemetra i dag. Det blir fleire høgdemeter, om 100 meter stigning kan kallast høgde for nybakte sunnmøringar. Det er nemlig såpass vått og kaldt at vi avgjer å legge turen oppom Muggsjølibua, som er merka som sjølvbetjent turisthytte på kartet. I ettertid skal vi stusse litt over at valet om søke innandørs vart tatt så raskt og diskusjonsfritt.

Etter at vi passerer kulturminnet tømmerrenne, ser nokre elgjegarar og går over ei flott trebru vil vi ha lunsj. Vi har problem med å få fart på bålet, ein ferdigheit som blir styrka gjennom eigenferda. Lunsjen ender opp med å ta to timer – det blir mykje nysteikt scones. Tarjei og Jon prøver fiskelykka, som til no oppfyller orda frå dei som hadde fiska på eigenferd skuleåret før: «Det finnes ikkje fisk i Femundsmarka». Kartet blir studert og ruta vidare bestemt. Heldigvis reddar Stina sine kartkunnskapar oss frå ein bomtur gjennom ei regnstor elv.

Som friluftssliv-studentane året før også opplevde, er fisket i Femundsmarka i oktober labert. Foto Tarjei Engeset Ofstad
Lite fiskelykke i Femundsmarka i oktober. Foto: Tarjei Engeset Ofstad.

Etterkvart kjem vi opp i ope fjellende, det mørknar, hovudlyktene blir tent, alle går inn i sin eiga overlevingsboble – mest opptatt av å sette sine eigne føter riktig i den steinete blokkmarka. Vinden piskar i dei mørklagte fjesa. Line roper gjentatte gonger bekymra på Jon, som ho trur er bak ho i rekka. Det viser seg å vere Tarjei, som ikkje høyrer kva det blir ropt om, eller til kven. Line må le: ho oppdagar at Jon går framom henne. Andreas traskar godlynt framover. Andre tenker berre på å nå hytta fort som fy. Endelig finn vi fram til Muggsjølibua. På kvelden kosar vi oss, nesten bortskjemt tørre og varme, med indisk gryte á la Line.

Andreas har alltid eit smil på lur, friluftsliv, Høgskulen i Volda, Foto Sondre Stenesbøl
Andreas har alltid eit smil på lur. Foto: Sondre Stenesbøl.

Dagen etterpå fortsetter vi med mykje blaut snø og vind i lufta. «Nokre gonger kunne det vore greitt å ha rask lunsj» skal det bli sagt i etterkant. Det er nemlig surt å sitte der å steike scones, men det hjelper på at vi har funne litt ly mot den bitande, sluddete vinden. Vi kjem oss i gong igjen, på denne etappa ser vi mykje av den gule, giftige og freda ulvelaven. Lavskrika er ein kamerat vi ser ofte der vi går, og vi ser ei som nyt eit lemen utan å la seg affisere av oss. Etter ei stund møter vi ei elv som vi må ta av oss skoa for å krysse. Valet står mellom litt intens kulde eller blaute sko, det første blir naturligvis valt. Andreas tar det som vanlig med godt mot og når det er overstått seier han « jeg synes det var gøy jeg!».

Vi er på rundt 850 m.o.h. og blir etter litt diskusjon einige om å starte på den kanskje mest interessante etappa: orientering i terrenget. Dette skal i etterkant bli sett på som noko av det mest meiningsfulle vi gjorde på ferda. Tarjei får ein vrangførestelling oppklart: ein kan ikkje berre gå på kompasskurs, ein må ta ut punkter i terrenget. Sondre finner det meir enn på sin plass å sjangle rundt som Jack Sparrow med kompasset sitt som viser dit han vil, som parodi på Tarjei. Nedover i skogen går det, med litt lunare forhold og gode føresetnadar for bålfyring. Da oppstår diskusjonen: er det eigentleg lov å brekke tørrkvist her i nasjonalparken? Nokon seier klart nei, andre ja, nokon tja. Stina løyser heldigvis situasjonen ved å hogge ut litt tyrived frå gamle stubbar.

Å orienterie i dårlig vær er både viktig og krevjande, friluftsliv, Høgskulen i Volda, fotograf Sondre
Å orientere i dårleg ver er både viktig og krevjande. Foto: Sondre Stenesbøl.

Den blautaste, kaldaste natta er over. Line ser dyster ut. Det har drypt vann inn i teltet hennar, ho har hatt det tøft. Ho foreslår å korte ned turen med ein dag. Line skal i ettertid omtale situasjonen, litt fleipete, som da ho skjønte ho var ei Oslo-jente. Sondre orienterer grundig på kartet, og finn ein rekke mindre buar som kanskje tilbyr vedomn og tak over hovudet. Vi bestemmer oss for å rette kompasset mot Gubbtjønnbua. Vi taper stadig høgdemeter og skogen blir tilsvarande rikare. Ved ein svær kampestein buldrar vi litt og tek bilete.

Ingen orienterer heilt korrekt til bua, men alle kjem fram til slutt og Andreas finner «ungdomsskjelda» med godt drikkevatn. Bua er tvers gjennom koseleg, og i hytteboka står det om «Børre», storauren som visstnok lever i tjønna. Men heller ikkje her blir det fisk å få. Derimot opnar stekepanne-pizzeria á la Sondre. Det blir fest med alt frå tyttebær og sopp til creme fraiche og chili som pizzafyll. Utover kvelden vekkast sterke konkurranseinstinkt når kortstokken tas fram. Intens stillhet og dirrande, klamme hender – slik er stemninga i hytta.

Morgonen etter får vi første dagen med finvêr. Fargane på himmelen er heilt nydeleg i morgontimane. Turen går vidare nedover mot sjølve Femunden, den tredje største innsjøen i Noreg. Å orientere i terreng opplevast heilt annleis enn sti. Ein er fri, har plass, samstundes som ein må forhalde seg til gruppa. Dei siste metra av nasjonalparken, før skiltet som viser at vi er ute, kappløper Jon, Tarjei og Sondre. Litt overraskande må sprekingen Jon nøye seg med tredjeplass. Lunsjen tek vi ved ei lang flott sandstrand ved Femunden.

kontrastar på tur, friluftsliv, høgskulen i volda_foto av stina johansson
Det regna mesteparten av turen, men sola kom fram til slutt på stranda ved Femunden. Foto: Stina Johansson.

Siste etappe tilbake til Langen Gjestegård og bilen går fort, og gruppa tek siste natta i enden av Langensjøen. Frå furutoppane er lavskrika vitne til at gruppa prøver Tarjei sin tunge, klumpete sekk, der resultatet er vakling og latter. Minusgradane kryp på. Sondre blir entusiastisk av vinteren si helsing og deler masse tips om vinter-friluftsliv. Blant anna å gjere frå seg for å sleppe å halde det gamle fordøya varmt, for så å lettare halde varmen. Gruppa, som nærmast har blitt ein familie beståande av berre sysken, samlar seg tett rundt det varme bålet. Den siste kveldspraten blir djup – trur nokon på livet etter døden? Alle har forskjellige meiningsnyansar. Etterkvart glir samtalen over på fødsel. Ringen er slutta.

djupe samtalar kring leirbålet, friluftsliv, Høgskulen i Volda_ foto av Sondre Stenesbøl
Djupe samtalar kring leirbålet. Foto: Sondre Stenesbøl.

Tekst av Tarjei Engeset Ofstad.
(Innlegget er noko forkorta (red.))

Les også om studentar sine opplevingar av eigenferd i fjor:
- Jentetur til Finse

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>