Etherna og Fabio Lione på ROKKEN

volda_musikk_konsertanmeldelse_Etherna og Fabio Lione
volda_musikk_konsertanmeldelse_Etherna og Fabio Lione

Søndag 27. april sto Etherna på scena på ROKKEN i Volda, ein konsertopplevelse som skulle vise seg å endre mange av dei oppmøtte tilskodarane sitt syn på «power metal»-sjangeren. Heilt frå Piza, Italia hadde bandet reist – saman med sin gode ven Fabio Lione – for å spele ein miniturné fra Ålesund til Volda. Med seg hadde dei Darkest Sins, eit lokalt band som sjølv hadde tatt ansvar for å få musikarane flydd inn til Noreg. Instillinga mi før konserten var noko skeptisk, men dette skulle fort endre seg.

Virtuose Italienarar
Konsertsalen på studenthuset ROKKEN er ikkje akkurat stappfull, noko som var forventa av ein power metal-konsert på ein søndag i Volda. Rundt 30 metalfans står plassert foran scena, godt oppvarma etter ei kjempelevering frå lokalbandet Darkest Sins. Salen vert plutseleg bekmørk. Etter to og eit halvt minutt med totalt mørke og storslagen kormusikk i bakgrunnen slår Etherna i gang, utan nokon formell introduksjon. Åpningslåta er hard, mørk, og setter stemninga for dei neste 30 minutta av konserten. Perkusjonisten hamrar laus drønnande og intrikate rytmer frå bak ein trommerigg eg sjeldan har sett maken til. Det er ikkje vanskeleg å leggje merke til at bandmedlemmane storkosar seg på scena, til tross for eit tynt publikum. Sangen ender, og den tynne, langstrakte vokalisten skrik ut «we came from Italy to play som metal» frå bak det meterlange, svarte håret som dekker både mikrofonen og andletet. Eg visste framleis ikkje kva eg skulle tenke om bandet, men etterkvart som konserten fortsatte blei dette klart for meg. Bandet kastar tilskodarane inn i sitt eige musikalske univers, eit univers der overraskingar ventar bak kvart hjørne. Etherna har sjølvsagt dei typiske power metal-riffa med lyse, karakteristiske skrik, men dei maktar således å vitje eit mangfald av andre sjangerar.

Låt nummer fire, «It’s not a good day», var vendepunktet i konserten for min eigen del. Her viser Etherna at dei er kreative, varierte og nyskapande; dei spelar power metal, men dei vitjar også både sludge metal og svevande prog-metal. Desse er tre sjangarar eg aldri, sjølv som søkjande og ivrig musikkstudent, har hørt kombinert i ein og samme song. På dette punktet er eg ekstatisk, men det skal vise seg at Etherna har endå meir å kome med. Låt nummer seks i setlista, «A colour in the Rainbow», tar meg på senga, og viser ei heilt ny side av bandet. Verset er kraftig og aggressivt, med ein klar inspirasjon frå progmetalgudane i «Dream Theater». Men refrenget endrar stemninga i låta totalt, og melodien klistrar seg momentant på netthinna mi. Refrenget blir fulgt av ein dual-solo mellom gitaristen og keyboardisten – eit prakteksempel på at virtuose metalmusikarar ikkje nødvendigvis kun ønskjar å vise kven som kan spele fortest eller mest teknisk. Instrumentaliseringa er smakfull og imponerande, og med låta stadfestar bandet at dei er eit friskt pust blant power metal-miljøet.

Ein sceneopptreden av dei sjeldne
Publikum jublar og klappar ekstatisk, og fram til midten av scena kjem Fabio Lione – ein helt i power metal-miljøet – og tar over plassen som vokalist. Fabio – som under den storslagne avslutningslåta til Darkest Sins song italiensk opera – tek oss med inn i sitt eige musikalske landskap og endrar konsertstemningen totalt med åpningslåta «We Sell Time», som han forklarar er ein gammal song frå eit tidligare Fabio-band. Musikken er eventyraktig, lystig og har eit veldig karakterisk særpreg. Fabio dominerer scenen totalt med si unike innleving og sin plettfrie vokalopptreden, og viser med dette akkurat kvifor han er verdskjent innanfor power metal-miljøet. Konserten fortsetter med varierte innslag frå tidlegare prosjekt der Fabio har vore vokalist, men høgdepunktet for siste halvdel av konserten må være låt nummer åtte, «La Minto Eroeco». Denne mørke, storslagne balladen er ein enorm kontrast til resten av innslaga, og kan best beskrivast som soundtracket til ein italiensk kirkegård. Teksten er på italiensk, og blir formidlet gjennom ein rungande, djup og vakker vokalprestasjon medan det stemningsfulle, dystre pianospelet driv låta framover. Konsertens siste innslag er låta «Send Me an Angel», der Ethernas vokalist returnerer til scena for å synge ein siste duett. Etherna og Fabio Lione bukkar ein siste gong til ein mektig applaus og jubel fra publikummet, som tydelig har hatt ei fantastisk musikalsk oppleving over den siste timen. Som tilskuer blei eg svært imponert over konserten, og Etherna har saman med Fabio vist meg at det fins mykje meir å utforske innan power metal-sjangeren enn eg nokon sinne hadde trudd.

«Først og fremst ei rokkescene»
Ulf Kristiansen er dagleg leiar for ROKKEN, og fortel vemodig at konserten måtte flyttast til søndag frå sin opprinnelige dato, torsdag 24. april, grunna dårleg kommunikasjon frå DOKfilmfestivalen si side. Han forklarar videre at metalscena ikkje er stor nok i Volda. «Metal er for dei som kjenner musikk. Metal er ikkje noko vi tenar pengar på, det har vi aldri gjort og det kjem vi heller aldri til å gjere…vi brukar dog mykje pengar på å søke etter nye artistar, og på å gi  ROKKEN eit variert musikktilbod». Han fortel til slutt at det tynne oppmøtet på konserten ikkje vil ha noko innvirkning på vidare booking av metalband. «Vi er først og fremst ei rokkescene».

Anmeldelsen er  skrive av Simon Bakke Frøystadvåg – student på musikk.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>