Jentetur til Finse

Finse Høgskulen i Volda studenter
Finse Høgskulen i Volda studenter

Vi var 6 jenter frå friluftslivsklassa frå Høgskulen i Volda, Aslaug, Benedicte, Marit, Andrea, Elisabeth og meg, som skulle på eigentur i området rundt Finse. Turen var planlagt i god tid i førevegen og vi hadde gleda oss lenge til denne turen. Vi hadde bestemt at vi skulle ta toget frå Bergen opp til Finse tysdagsmorgonen. Eg hadde besøkt ei gamaltante på Os, utanfor Bergen, i dagane før vi skulle reise. Eg hadde da bil så eg kjørte til Arna og gjekk på toget der i staden for i  . Da vi gjekk av toget på Finse var det sol og vindstille. Før vi starta på dagens etappe, som var til Geiterygghytta, var vi innom Finsehytta og fiksa DNT-nøkkel. Det var litt oppover i starten av etappa, men det var vi forberedt på så det gjekk bra. Det var eit par små pausar med teiping av heler og for å sjå litt på kartet underveg i starten.

Etter litt småpauser der heler og utstyr var fiksa, gjekk det mykje radigare. Vi nøt kvar meter vi gjekk. Været, utsikten og føret var perfekt! Vi møtte på ei skuleklasse undervegs. Dei sa vi var heldig for nå var det berre att nedoverbakkar. Noko vi sjølv var klar over og, men det gjekk fortare enn eg hadde rekna med. Løypa var stikka heile vegen til Geiterygghytta. Da vi kom til Geiterygghytta var klokka halv sju. Det begynte å bli mørkt, og det vart veldig kaldt. Vi var raske med å sette opp teltet og starta med å lage mat. I dag skulle vi ha tacogryte til middag. Aslaug og Marit laga maten, Elisabeth laga do, medan vi andre innlosjerte oss i teltet. Etter at middagen var innteke la vi oss ned i soveposen. Vi var alle slitne etter å ha gått 21 km.

På dag to var planen å halde seg så å seie i same området for så å bygge snøbolig. Andrea hadde fått eit stort dagen før så vi fann ut at det beste var å vere der vi var nå å bygge snøbolig. Andrea, Aslaug og eg ville bygge iglo, medan dei andre skulle grave seg flatgropar. Etter ein lang frokost i teltet var vi klar for å gå ut å byrje å bygge og grave. Vi starta med å bygge iglo, men vi fann fort ut at igloen vart veldig stor. Vi fortsette likevel, men måtte gje opp etter kvart fordi snøen var for dårleg. Snøen var altfor lagdelt og blokkane knakk lettare og lettare til lengre vi kom. Så nå sto vi der med ein halvferdig iglo. Vi fann ut at den eigna seg godt til kjøkkenkrok, så vi grov ut benker og bord inne i igloen. Elisabeth var ikkje heilt i form den dagen så ho hadde gjedd opp gravinga og lagt seg i teltet. Marit og Elisabeth hadde stått å grove flatgrop og da hadde det komme ein kar på scooter forbi å kjefta på dei å sagt mykje usakleg som at dei ikkje kunne grave der sidan dei var på eit vatn og at dei måtte fylle att flatgropane. Elisabeth grov igjen si og låg i teltet den natta medan Marit grov flatgropa si ferdig og låg der den natta. Etter at vi som skulle bygge iglo hadde laga kjøkken grop istedenfor begynte vi å lage middag, og i dag var det Bali kyllinggryte som stod på menyen. Etter middag tok vi turen inn på Geiterygghytta. Der tok vi ein tur innom i kiosken, og satt spelte litt kort før vi returnerte til teltleiren att og la oss til å sove.

Studenter Høgskulen i Volda
Studenter Høgskulen i Volda

Elisabeth, Benedicte og eg kjørte på med sjokolade!

På dag tre hadde vi bestemt å legge om ruta på grunn av gnagsåret til Andrea. Meininga var hadde gå til Hallingskeid som var ein tur på ca 2 mil, og frå der til Finse var det og ca 2 mil. Vi valgte å gå den kortaste vegen ned til Finse.

Høgskulen i Volda friluftsliv
Høgskulen i Volda friluftsliv

Den blå linja er der vi gjekk fyste dagen. Den lilla prikken er der vi eigentleg skulle gå til på dag tre. Den gule linja er der vi gjekk.

Denne dagen starta med litt overskya vær. Seinare på dagen klarna det opp og sola kom fram. Da vi skulle ha lunsjpause så var sola på plass! Etter vi hadde gått eit lite stykke etter lunsjpausa skyfta været. Det sludda og begynte å blåse. Vi var da ei stund veldig glade for at vi gjekk etter stikka løype for det var dårleg sikt ei stund. Vi hadde eigentleg tenkt å ikkje gå heilt ned til Finse stasjon, men ligg eit stykke lenger opp. Men når vi kom til der vi hadde tenkt å ligge, var det skilt der om at vi nå var inne i eit nedslagsfelt til eit vassverk og at vi ikkje kunne telte der. Vi gjekk derfor heilt ned til Finse stasjon og eit lite stykke forbi for å slå opp telt. Da vi kom ned til der vi skulle ligge hadde været letta opp igjen. Vi fekk fort opp telta da vi kom ned. Når vi hadde fått opp telta begynte Aslaug og Marit med middag og vi andre laga do med ein veldig fin lemur. Etter middagen satt vi i teltet og prata og hadde quiz før vi tok kvelden.

Dag fire skulle vi gå ein liten dagstur sidan vi alt var i området ved Finse stasjon. Vi gjekk eit lite stykke opp mot Hardangerjøkulen før vi fann ein fin plass der vi åt lunsj. Været i dag var strålande så vi hadde ei lang lunsj pause der nokon sola seg og andre hadde ein liten «fotoshoot». Etter lunsjen vende Andrea og Aslaug mot teltleiren att, medan vi andre fortsette turen opp til brekanten til Hardangerjøkulen. Når vi kom til brekanten snudde vi andre au, og gjekk tilbake til teltleiren. Når vi kom tilbake til teltleiren begynte eg med middagen. Middagen i dag vart ete ute i sola. Vi satt ute heilt til sola gjekk ned. Det var ein heilt nydeleg solnedgang.

Finse Høgskulen i Volda studenter
Finse Høgskulen i Volda studenter

fjellene

Aslaug, Marit, Elisabeth og Benedicte skulle ligge ut denne natta så dei bygde ein liten lemur før dei la seg. Sidan det var berre eg og Andrea som skulle ligge i telt denne natta, tok vi ned det det eine teltet før vi la oss til og sove.

Dag fem var den dagen vi skulle reise. Vi tok ned teltet, pakka ned alle sakene og grov att doen før vi reiste. Det var fortsatt mørkt når vi reiste, så vi fekk prøvd det å gå på ski i mørke og. Vi gjekk til Finse stasjon der vi skulle ta toget til Bergen igjen. Da vi kom på toget var det ganske fult så vi satt litt spredt. Benedicte, Elisabeth, Andrea og eg gjekk av på Arna, der eg hadde bilen min. Marit og Aslaug tok toget til Bergen sidan dei ikkje skulle tilbake til Volda. Vi andre hadde ein fin biltur tilbake til Volda med allsang og eit par ispauser.

Dette er ein tur som eg seint vil gløyme! Det har vore ein veldig fin tur med trivelege jenter, der eg og har lært ein del.

Takk for turen jenter!

– Ingvild Schjølberg

(Innlegget er noe forkortet (red.)

One thought on “Jentetur til Finse”

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>