
Lurer du på korleis kvardagen som idrettstudent kan vere?
Les om arrangement og studentaktivitetar i bloggarkivet.
Idrettsstudiet i hjartet av dei mektige Sunnmørsalpane gir deg opplevingar som du aldri vil gløyme. Naturen dannar ei naturleg ramme rundt ulike uteaktivitetar. Volda er ei kompakt studiebygd, med korte avstandar, uansett om du ynskjer urbane aktivitetar, eller du vil til fjord og fjell.
Idrettsstudiet ved Høgskulen i Volda har lange tradisjonar og har vorte vidareutvikla sidan 1970. Her kan du starte med idrett årsstudium som gir grunnleggjande innføring i arbeid med idrett, friluftsliv, undervisning og trening. Vidare kan du fordjupe deg og bygge vidare til du har ei 3-årig bachelorgrad.
Høgskulen har glimrande fasilitetar for idrettsaktivitet. Idrettshall, symjehall med stupetårn, ulike treningsbaner, styrketreningsrom og testlaboratorium. Symjing, ballidrett, livredningskurs, turn, alpinteknikkar, kystfriluftsliv og fjellturar er berre noko av det som fargelegg dagane på Idrett. Den utfordrande sunnmørsnaturen dannar ei naturleg ramme rundt ulike uteaktivitetar. På vår glimrande base for kystfriluftsliv på Yksnøya får du møte sunnmørskysten på sitt beste. Studiet er sett saman av eit stort utval praktiske aktivitetar, teoretiske emne og undervisnings- og instruksjonspraksis.








