
Våren 2015 har studentar på vidareutdanningsstudiet IKT i barnehagen blogga seg til læring. Resultatet vart ei eiga e-bok.
– Å blogge er eit arbeidskrav i emnet Barnehagen i ein digital tidsalder. Formålet er å lære om kvifor og korleis ein kan bruke IKT saman med barnehageborna, fortel emneansvarleg Marianne Hagelia.
Hagelia har lenge sakna meir litteratur om IKT i barnehagen. Ho og studentane bestemte seg difor for å setje saman ulike blogginnlegg til ei eiga e-bok. Denne håper dei kan vere med på å skape blest kring viktigheita av IKT i barnehagen.
– Det er mange som meiner mykje om IKT i barnehagen, utan å ha sett seg inn i kva dette betyr for barnehageborn. Med denne e-boka ynskjer vi å vise at det ikkje berre er nettbrett og datamaskiner – det er også GPS, foto og fuglekasser. IKT kan også brukast til leik som til dømes skattejakt, fortel Marianne.