Intimt og hardtslåande på Det Grøne Treet

Volda_musikk_konsertanmeldelse_MyDescendingArk
Volda_musikk_konsertanmeldelse_MyDescendingArk

Det var duka for ein eksplosiv og energisk kveld då My Descending Ark og Himmelstormer stod klare til å innta golvet på Det Grøne Treet, kvelden før 17. Mai.

Les konsertanmeldelsen av bachelorstudent Robin Karlsen, som studerer musikk i Volda.

Første band ut for kvelden var Himmelstormer, eit band beståande av vokalist Daniel Klepp, bassist Alexander Nilsen, Lars Ødegård på trommer og gitaristane Mikael Westbø og Simon Frøystadvåg. Bandet spelar det dei sjølv kallar «tung, alternativ prog-rock». Himmelstormer er eit relativt nytt, lokalt band, men har likevel rukke å finne sin eigen særeigne musikkstil.

Himmelstormer startar kvelden med «svevande» gitarspeling og innviar med ein gong publikum i sitt prog-inspirirte musikalske landskap idet resten av bandet sakte kjem inn. Musikken er til tider draumande og fantasifull, til andre tider kan bandet fengje deg med utbroderte riff og overraskande vendingar i musikken. Bandet viser få teikn på at det berre er nokre månadar sidan det vart starta, og leverer ei solid framføring.

Kort tid etter Himmelstormer var ferdige med settet sitt, var det My Descending Ark sin tur å gå på scena. Bandet, som består av vokalist John Arve Ottersen, gitaristane Gard Eirik Austrheim og Kristoffer HG, bassist Odd Magne brautaset og trommeslagar Martin Sørvold, spelar hardtslåande, progressiv metall med inspirasjon frå band som Opeth, Motorpsycho, Kyuss og Deftones. Bandet har heldt på sidan seinsumaren 2012, og kan seiast å vere ganske godt etablerte i musikkmiljøet i Volda.

Det tok ikkje lang tid før golvet på Treet kokte over av energi og laussluppen musikkglede, både frå bandet og publikum si side. My Descending Ark er ein energibunt av eit band, som ikkje viser noko teikn til å roe ned på intensiteten. Bandet opnar hardt og stemninga tek seg berre opp i løpet av kvelden. Mangelen på oppheva scene skapar ein unik kontakt mellom band og publikum, noko som berre bidreg til den intime stemninga som rår på Det Grønne Treet.

Alt i alt var dette ein slagkraftig og kraftfull konsert på Treet, med to «up-and-coming» band som viser litt av kva musikkmiljøet i volda har å by på i rock- og metallsjangeren. Tonen for kvelden vart sett av Himmelstormer, med sine svevande, fengjande riff og fantasifulle songstruktur. Etter dette kom My Descending Ark på og skrudde opp intensiteten nokre hakk, med pumpande rytmar og hardtslåande riff. Kvelden avsluttast med to ekstranummer av My Descending Ark, til stor glede for publikummet. Ein meget lovande konsert med tanke på framtida til begge banda og musikklivet i Volda generelt.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>