ISØVING FOR ÅRSSTUDIUM FRILUFTSLIV

Isøving 1

Isøving 2
Tekst og foto: Dag Erik Wold
Bilde 1: Eirik Strand, Bilde 2 : Yngvild Bjørdal

Kunnskap om stålis og kjennskap til sikkerheit ved ferdsel på islagde vatn har stått på timeplanen for  Årsstudium friluftsliv ved HVO denne veka. Torsdag gjennomførde friluftslivsstudentane ei økt i is-kjennskap i søraustenden av Rotevatnet i Volda. Studentane jobba i mindre grupper med å måle tjukkleiken på isen ulike stadar på vatnet og gjorde vurderingar på kvar isen kunne ha svakare parti. Isen heldt stort sett minst ei handsbredd tjukkleik, men enkelte stader var isen overraskande tynn. Målet var at studentane skulle få erfaringar (direkte kroppslege erfaringar) med ferdsel på is, og ikkje minst kjenne på korleis det er å gå i gjennom isen og hamne i det iskalde vatnet. Kva for metodar kan ein bruke for redning? Korleis fungerer redningsutstyret? Her vart mange studentar nokre erfaringar rikare.

Denne veka har studentane også hatt besøk av ein viktig samarbeidspartnar for Seksjon for idrett og friluftsliv, fagleiar og tindevegleiar, Christer Lundberg Nes ved Friluftsrådet for Ålesund og omland, som mellom anna delte viktige erfaringar med trygg ferdsel på snø og is. Neste veke reiser dei same studentane til fjells for å lære meir om snø og skred med utgangspunkt i Standalhytta, med faglærarane og tindevegleiarane Ola Einang og Stig Løland.

Film: Karoline Nerli

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>