Jørn finalist i Idol 2014!

I går var det duka for fjerde semifinale i sangkonkurransen Idol TV2. Jørn Trollebø Kvalheim var ein av dei ti deltakarane som hadde sjansen til å gå vidare til finalen. Den vakre framføringa av “Where do my bluebirds fly” av Tallest man on earth rørte både dommar Tone Damli og programleiar Stian Blipp.

YouTube Preview Image

Framføringa var så bra at dei andre semifinalistane reiste seg. Tv-sjåarane var også mektig imponerte, noko som førte til at Jørn vart stemt vidare til topp 10 saman med Tara Lill Flåten Nicolaisen.

Til dagleg studerer Jørn musikk ved Høgskulen i Volda, og han har tidlegare uttalt at det er ein fordel: “Det er noe med å ha sangteknikk, kjenne på presset og kjenne at dette er alvor. Da tar en gjerne litt ekstra i når en synger, og blir fortere sliten”.

Seksjonsleiar Øystein Salhus og høgskulelektor Svein Hunnes ved musikkseksjonen på Avdeling for Kulturfag har mykje positivt å seie om Jørn:
«Jørn er veldig engasjert, og han har ein smittande energi som publikum også får kjenne på» seier Salhus.
«Ja, framføringane hans er ekte og inderlege» legg Hunnes til.

Som student er Jørn er ein stjerneelev på alle måtar. Han er aktiv i musikkmiljøet både på og utanfor høgskulen. Salhus og Hunnes er einige om at Jørn har god innverknad på klassemiljøet. For Jørn er det truleg også hjelpsamt å ha medstudentane som støttespelarar under Idol. «Det er ei god og støttande klasse!» påpeikar Hunnes.

I forhold til Jørn sine sjansar vidare i Idol er Hunnes og Salhus optimistiske. «Jørn syng sjølvsagt veldig bra! Han er også flink til å velje songar som passar til stemma hans» meiner Salhus. Hunnes er einig og påpeikar at det er ein stor fordel at Jørn er mottakeleg for innspel frå andre. «Jørn er veldig lærevillig, og han har i tillegg beina godt planta på jorda» avsluttar Hunnes.

– Les meir om Jørn sin prestasjon i semifinalen i VGSunnmørsposten, Fjordens Tidende  og på TV2.no.
– Intervju med Jørn og Tara etter semifinalen kan du sjå her.

Tidlegare bloggpostar om Jørn:
Jørn vidare i Idol
Idol-kjendis på AKF

One thought on “Jørn finalist i Idol 2014!”

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>