Kunnnskap og læring før og no

Marianne er førskulelærar og er student på Digital Kompetanse i Læring (DKL) ved Høgskulen i Volda. Les heile hennes blogginnlegg her.

Kunnslap og læring har endra seg gjennom dei siste åra. Eg har sjølv studert heile vegen utan nokon opphald, dermed har eg opplevd endringane samanhengande. Frå den tida eg byrja på skulen og fram til no, har opplevd kunnskap og læring på ulike måtar.

På barne – og ungdomsskulen var det blyanten og skrivebok som var vår faste følgesvenn, medan læraren stod bak kateteret og underviste på tavla. I desse åra var det lite digitale verktøy som vart nytta i skulen, både av lærarar og elevar. Då eg byrja på vidaregåande skule i 2008 hadde teknologien blitt meir sentral i undervisninga. No vart det nytta digitale verktøy meir aktiv for å læring og kunnskap. Vi som elevar fekk bruke datamaskin til å notere i timane og skrive oppgåver. Nokon av lærarane nytta power point som læringsmetode, og Fronter vart no teken i bruk. På eksamen fekk vi bruke datamaskin, noko som vi ikkje hadde gjort tidlegare.
Å byrja på Høgskulen i Volda på Førskulelærarutdanning gjorde at eg fekk oppleve fleire nye lærings – og undervisningsmetodar. Datamaskina og Fronter vart nytta,  og lærarane brukt power point aktivt i undervisninga. Eg vart her kjende med samskriving i gjennom Google Drive. Dette har vore svært nyttig for min del! På høgskulen fekk ein ansvar for eiga læring, og vi fekk meir varierte læringsformer.
 
No tar eg nettstudie i IKT i barnehagen. Dette har igjen vore med på å gi meg andre former for læring og kunnskapsinnhenting. Sidan det er nettbasert, går dermed all informasjon, oppgåver, leksjonar og andre skriv over internett. Der brukar vi til dømes Fronter, Google +, blogg, Canvas,Google Drive og Hangouts aktivt.
Kunnskap og læring i 2014 handlar for min del mykje om arbeidsmetodane og verktøya som eg nytta i dette nettstudiet. Digitale verktøy har blitt sentralt i dagens samfunn, og blir dermed nytta til kunnskap og læring også. Samskriving kan vere eit døme på noko som er “nytt” og sentralt for kunnskap og læring. Eg blir stadig vekk introdusert til nye arbeidsmetodar og verktøy som ein kan nytte. Gjennom nettsudiet i haust har eg til dømes blitt introdusert til Canvas og Hangouts. Sidan kunnskap og læring forandrar seg, blir også mitt PLN utvikla og min digitale studieteknikk forandrar seg.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>