Koseleg med peis – mediestudenter

Onsdag 19. mars var ein regnversdag, som ein så ofte kan vente når det er vinter på Sunnmøre. Førsteklassingane på Media, IKT og Design hadde jobba hardt i vekesvis med eit kampanjeprosjekt for den nye skateparken i Volda. Men denne veka var ikkje akkurat det beste skateveret for filmane som skulle lagast. Både studentar og lærarar var frustrerte med yr.no som ikkje ville melde betre ver, særleg når deadline nærma seg. I slike stunder treng vi alle ein liten time-out, stanse opp og la vere å tenkje på prosjekt.

Då studentane møtte opp til kl 12.00 til det dei trudde var lærar-info, var det noko anna som møtte dei. Telys på borda var kanskje det første teiknet på at noko ikkje var heilt som vanleg. Då lærarane Torbjørn, Synnøve, Svein og Silja dukka opp hadde dei med seg varm sjokolade, saft og kaker. Sjølv om talet på kaker var mindre enn ved eit tradisjonelt sunnmørsk kakebord, var der glade og overraska MID-ansikt å sjå i salen.

Koseleg med iPeis: Varm sjokolade og kake er det ein treng på ein regnversdag.

Koseleg med iPeis: Varm sjokolade og kake er det ein treng ein regnversdag i Volda.

Det var god stemning i romet, og fyr i iPeisen (prosjektert på veggen, men vi er visse på at den varma!). Stemninga vart ikkje verre då Svein tok fram toraderen og tro til med song og musikk. Det vart jamvel allsong til «Din Tanke er Fri» og andre hits. Ikkje rart at Torbjørn lanserte det nye uttrykket «#MIDkoz»!

Det er lov med ei pause i kvardagen, og våre førsteklassingar har jammen fortjent det med innsatsen dei legg i prosjektet dei no jobbar med. Hald utkik her på MIDlabs.no – snart får du sjå litt av det studentane har produsert i prosjektperioden.

Svein stemmer i med "Din Tanke er Fri".

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>