Lurer du på korleis kvardagen som musikkstudent kan vere?
Les om konsertar og studentaktivitetar i bloggarkivet.
Som musikkstudent i Volda får du ei solid og allsidig musikkutdanning i eit godt og aktivt miljø. Musikkseksjonen har dyktige fagfolk innan musikkteori, teknologi, direksjon, hovudinstrument og musikkdidaktikk, og fleire av oss er utøvande musikarar. Den vidkjente komponisten og professoren Magnar Åm står bak våre tverrfaglege masteremne Å skape meining og Playful truth-approach. Dessutan er det vi som har hand om Symfoniorkesteret ved Høgskulen, og vi har vårt eige Høgskulekor.
Les meir om studietilboda til musikk på Høgskulen i Volda.