GRÅBLÅ VÅRKVELD I STØA PÅ YKSNØYA

Trass i at havskodda hang over Gurskøya og nordvesten kjøla publikum, gav gråveret i bakgrunnen ein fin kontrast mot musikarane på bryggekanten på Yksnøya ytst i Voldsfjorden. Impro-jazzgruppa Quest og samtidskomponisten Magnar Åm mana fram lysare stemningar hos dei rundt 90 personane, som laurdag 24.mai hadde benka seg i støa.

Høgskulen_Volda_friluftsliv_Vårkveld_Yksnøya1
Høgskulen_Volda_friluftsliv_Vårkveld_Yksnøya

Ein spesiell og på sin måte eksotisk musikalsk maikveld i støa på HVO sin Base på Yksnøya.                         Foto: Anne-Mari Falkevik.

Fagmiljøet Idrett og friluftslivHøgskulen i Volda inviterte publikum til utekonsert på Basen på Yksnøya, der dei driv kurs i kystfriluftsliv. Fagmiljøet er knytt til Avdeling for kulturfag og til dette arrangementet samarbeidde dei med fagtilsette og utøvande musikarar frå musikk, realfag og språkfag. Det er eit poeng i seg sjølv å arbeide på tvers av fagmiljø, særleg i utviklingsarbeid, seier Base-ansvarleg Nils Ola Skuset, det er viktig å vise at natur og naturelement engasjerer og inspirerer både innanfor friluftsliv og musikk.

Impro-jazzgruppa Quest består av Andreas Barth, Erik Fooladi, Geir Petter Hjorthol og Torleif Sagstad. Dei inviterte samtidskomponisten og improvisasjonsmeisteren Magnar Åm til samspel på denne konserten. Her vart naturlydar som bølgjeskvulp, vind og gåsekvakking lagt inn saman med undervasslydar frå mikrofonen nedsenkt i sjøen. Gjenstandar frå fjøra og øya vart nytta som perkusjonsinstrument. Quest sitt særeigne lydbilde vart godt framheva og nennsamt mixa av teknikaren Kjetil Kristiansen frå Lydkjellaren i Ålesund.

Høgskulen_Volda_friluftsliv_Vårkveld_Yksnøya
Høgskulen_Volda_friluftsliv_Vårkveld_Yksnøya

Impro-jazz i fint driv på Yksnøya. Quest-medlemmmene Torleif Sagstad på gitar, Andreas Barth og Erik Fooladi på stadeige slagverk og Geir Petter Hjorthol på trompet. Samtidskomponist Magnar Åm på keybord. Foto: Nils Ola Skuset.

Dei tilreisande hadde budd seg med gode klede og varmande pledd, for som ein av dei sa var det klart at dei skulle tåle slikt ver når dei la ut på båttur og dessutan hadde Magnar Åm i vente! Publikum applauderte det dei opplevde, og som fleire uttalte medan dei venta på heimskyssen etter konserten: “Her fekk vi ein fin stemningskveld. Slike arrangement må verte ein årleg happening her ute!”

Høgskulen_Volda_friluftsliv_Vårkveld_Yksnøya
Høgskulen_Volda_friluftsliv_Vårkveld_Yksnøya

Musikarane vart takka av på stadeige rekved. Fjøla heng no i naustet på Yksnøya!  Foto: Antje Meier.

Du finn bildegalleri frå konserten hos Gunnar Wangen: http://naturfotografen.zenfolio.com/f39393984.

One thought on “GRÅBLÅ VÅRKVELD I STØA PÅ YKSNØYA”

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>