Nina & the Butterfly Fish – jazz

Konsertmelding frå Volda Jazzklubb 

Høgskulen i Volda

av Gjermund Søremshaugen Høgskulen i Volda

Tysdag kveld 29. april var det konsert på Volda Jazzklubb. Konserten fann stad på studentpuben Rokken. Det var ein dobbeltkonsert.

Jazzkvartetten Operasjon Hegge starta konsertkvelden. Dette var eit særskild  dyktig band som spelte musikk som trefte publikum godt.

Klokka 22.35 starta Nina & the Butterfly Fish som tidlegare gjekk under namnet ”Sommerfuglfisk”, å spele. Jazztrioen er samansett av: Nina Kristine Linge som spelte gitar og song, Dan Peter Sundland på bass og Hans Hulbekmo på trommar.

Nina & the Butterfly Fish spelte ti songar som skildra deira mangfaldige musikalske utrykk, og syna eit særskild dyktig jazzband. Linge hadde ein særs røff vokal og spela fantastisk gitar. Bassisten Sundland skatet og spelte el-bass både med og utan boge, medan trommeslager Hulbekmo laga ei god grunnmur, spelte på kakeboks og på eit fingarpiano under konserten.

Dei tre i bandet kommuniserte godt seg i mellom medan dei spelte og hadde ein utstråling som gjorde at dei fekk den same gode kommunikasjonen med publikum.

Bassen og trommane laga saman ein god grunnmur for vokalen og gitaren, sjølv når bassisten spelte synkront med gitaren, eller spilte sin egne melodilinar.  All musikken dei spelar er sjølvkomponert og var særs variert. Han er influert av afrikansk og latinamerikanske rytmar, blues, jazz, folkemusikk, indisk, pop, rock, blågras og meir. Tekstane er hovudsakleg på engelsk, inspirert av den persiske diktaren Rumi sin tidlause bodskap «peace and love».  Altså ei spennvidde frå Cubansk inspirert til Afro-country. Musikken dei spelte hadde gode skifter mellom sterkt og mjukt, og hadde rytmeskiftar og improvisasjon som gjorde musikken interessant og høyre på.

Koret Sundland og Hulbekmo la på i nokre av songane passa særs bra med vokalen til Nina Kristine.

Musikkformidlinga var god og ein kunne sjå artistane kosa seg på senen, noko som gjorde at det ble ei god musikkoppleving. Mellom songane fekk bandet  publikum til å le og skapa skikkeleg god stemning. Publikumet svara særs bra til musikken og ga mykje applaus.

Det var berre synd at det ikkje var fleire som møtte fram når eit så dyktig band spelar på jazzklubben.  Dette synar at denne musikkstilen ikkje appellerer til alle.

Den gode responsen på programmet syna jamvel og tydeleg at den passa utmerka til publikummet som hadde møtt fram.

Eg tykte dette var ein ovleg god konsert og eg er viss på at eg har publikum meg når eg skriv dette.

 

Gjermund Søremshaugen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>