Opplyftande tyngdekraft

Konsertmelding av Av P.T. Gisletveit

Eg fant meg sjølve nede på det Grøne treet torsdag kveld, 9. April. Det var her det skulle bli og det var her det skulle skje. Eg fann meg ein plass i lokalet, nesten aleine, med min godt slitte skriveblokk + øl, mens to menn og ho B-kjendisen frå Norske Talentar eller X-faktor eller kva det nå var for noko, sitt og diskutere amerikansk-politiske situasjonar. Eg tenkjar at verda er mindre enn folk skal ha det til, men det tar ikkje lange tida før lokalet blir fullt av folk som har komen hit for den same grunnen som meg: bandet Tyngdekraft! Eg var nå tidleg ute. Eg tenkte eg skulle ha tatt med meg øyrepoppar, dei var heime. Men det å bli svett som ein gris som fylgje av ein hektisk sykkeltur, vil eg heller sleppe. Skal eg bli svett i kveld, så skal eg bli det om den musikken eg skal høyre blir verd å bevege seg til.

Lokalet blir meir og meir fylt, og stemninga stig med praten. Praten, den begynnar å oppnå den same summande frekvensen som desse veggane har måtte tåle gjennom mange år. Etter kvart har band-medlemmane begynt å bevege seg ut mot sitt utfaldingsområde. Dei prekar med kjentfolk bland publikum og dei gjer dei nødvendige siste oppvarmingar og justeringar på sine respektive instrument. Dei er høflege og ventar på resterande publikum som sikkert har måtte ta ein ekstra dram på vorset før dei fekk kjabba seg ned til denna trufaste grøn-puben.

Tyngdekraft I

Når nesten alle setane i lokalet er opptekne, samlast alle medlemmane med instrumenta parat, og det brakar laus! Innleiinga med låta «Soar» gir oss alle fyrsteinntrykket av kva desse folka vil gi til oss. Det er høgt, og det er energi dei vil gi oss! Ein skulle tru at dei tok det meir roleg når dei fylgjar på med «In Between» rett etterpå. Her blir vi møtt med ein roleg introduksjon, men så er mi oppe på same nivå som sist, og folket liker det! Vidare utover i programmet komer ein låt med eit ironisk namn: «The Quiet». Her klarar eg ikkje å sitte stille på barkrakken, kroppen må få rista på seg! Her gjekk det opp for meg kor opplyftande Tyngdekraft virkelig er (ja, eg vett eg er morosam)! Dei går vidare i programmet med det eine riffet etter det andre, og dei nødvendige variasjonane i låt for låt, gjer at ein opplev noko nytt i denna rokken. Den låta som får til og med erfarne musikklyttarar som er kåte etter rytmiske variasjonar/omvendingar, er låta «Sondre/unwind» eller «Sondre BLÆHH!», som han blei nydøpt i kveld av skaparen sjølve. Før dei rundar av showet, tar dei ein pust i bakken med vokalistens eigen låt: «Devil Dance», som er fin dynamisk, når eit energisk toppunkt og avsluttar i den same melankolien han starta i. Til slutt komer riffmaskina «Howling» som avsluttar konserten, og ein står igjen med at det var verd turen ned hit.

Bandet’s visuelle engasjement er smittande. Bassist og trommis er kontrollerte i bakgrunnen mens gitaristane og vokalisten visar fokusering og moderat koreografi. Dei hjelper oss med å sjå at detta ikkje berre er gjildt, men og seriøst! Vokalistens, (eller skal eg seie vokalistinnas) tryggje blikk gjer mykje for kontakta med folket.

Når det komer til lyd, har det Grøne Treet ein akustikk som mange individ kan gjere seg opp ein felles meining om: ikkje bland top 50 i Sunnmøre. Eg skulle gjerne reve ned alt som heitte lettveggar i lokalet for å kunne gjere den minste forbedring, og pr. i kveld så blei det det det blei. Dei problema eg og publikum hadde, var å høyre sjølve teksten. Dog vokalisten song sterkt og reint, var det vanskeleg å høyre sjølve stavingane i teksten på ein god del av repertoaret. Eg meiner det skuldast at stavingane drukna i volumet til gitarane. Skal mi ta eit skulande blikk på lydteknikaren, gitaristanes ampar, eller lokalets akustikk?

De harde fakta:

Tyngdekraft er ein riffprodusent som tar modige musikalske forsøk på å få seg ein individuell plass bland liknande små- og stor-artistar, med heilt greitt variert repertoar som gjer at ein ikkje går lei. Samspelte er dei, det oppnådde resultat. Sosialt samvær med publikum gjer at ein får eit godt inntrykk av at dyktige rokkarar og er menneskjer. Under songane er vokalisten vegen inn til bandet frå publikum med sine sjarmerande smil og blikk, men eg ynskje at heile bandets koreografi kan jobbast meir med på enkelte songar. Elles bør lokalet bli utbedra reint akustisk (eller var det lydteknikaren?).

Av P.T. får dykk terningkast 4 blank!

 

Tyngdekraft II

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>