RUTH WILHELMINE MEYER OG DEN UTRULEGE MENNESKESTEMMA

Onsdag 8. april leiar Ruth Wilhelmine Meyer ein tretimars work-shop ved Høgskulen i Volda. Kurset er ope for alle med interesse for menneskestemmas utrulege potensiale, enten ein er songlærar, songstudent, korsongar, dirigent eller berre vil ha hjelp til å finne og styrke særtrekka ved si eiga stemme.

Vokalartisten, improvisatøren, komponisten og songpedagogen Ruth Wilhelmine Meyer utforskar og oppdagar stadig nye måtar ho kan bruke stemma si på. Slik har ho fått eit omfang på minst fem oktavar. Og når ho syng, kan ein høyre spor etter barokk-forsiringar, kanadisk inuitt-song, norsk kveding, armensk kyrkjesong, fuglelydar, spebarnslydar, opera og nordsibirsk natur.

Ho underviser ved Musikkhøgskulen, har gitt ut mange CD-ar og held konsertar i inn- og utland. Nyleg var ho å høyre og sjå i Magnar Åms opera «Is-slottet», som også vitja kulturhuset Sjøborg i Ulsteinvik.

Work-shopen inngår i undervisninga ved Avdeling for kulturfag og vil gå føre seg onsdag 8. april i Konsertsalen, Kaarstad-huset, kl. 11.15 – 14.00.

Deltakaravgift ved oppmøte: kr 350,- .  Studentar: gratis.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>