Samklang med meirsmak – musikkfag

Av Mai Iren Vidnes student ved Høgskulen i Volda, musikk

Laurdag 26.04 inviterte Volda Hornmusikk inn til Vårkonsert i kantina på Berte Kanutte. Med seg som gjestar hadde dei Volda Mannskor.

God plass
Det var nok litt færre tilhøyrarar enn arrangøren hadde håpa på rundt dei fine, vårpynta småborda, men ein får tru at det flotte veret gjorde sitt til at mange ikkje tykte dei kunne ta seg fri frå våronna denne laurdagen. Dette la likevel ikkje nokon dempar på humøret til dei som hadde møtt fram. Stemninga var lun og fin, og det såg ut til at folket sette pris på det dei fekk servert.

Variert program
Begge aktørane fekk presentere musikk frå eit breitt og variert program denne  ettermiddagen. I strålande vårsol leidde konfransier Trond Monsholm oss igjennom konserten. Volda Hornmusikk spelte både feiande marsjar og popsvisker frå inn- og utland under leiing av dirigent Ulf Kristiansen. Trang Fødsel si låt «Drømmedame» vart med glimt i auget tileigna mannskoret. Kven dei smektande saxofontonane i Bee Gees sin «How deep is your love» gjekk til vart det derimot ikkje sagt noko om.

Hornmusikken musikkudanning i Volda
Volda Hornmusikk spelte både feiande marsjar og popsvisker frå inn- og utland under leiing av dirigent Ulf Kristiansen

Volda Hornmusikk spelte både feiande marsjar og popsvisker frå inn- og utland under leiing av dirigent Ulf Kristiansen

I si framføring av J. M. Førde sin Brudemars hadde dei teke i bruk god, gamal neverlur for å setje publikum i rette stemninga. Her var dirigenten sjølv i sving som solist, og gjorde stor suksess der han vandra mellom borda medan han spelte saxofon.

Meir enn musikk
Det var ikkje berre musikk Volda Hornmusikk kunne by på denne ettermiddagen. Kristiansen fekk med musikarane på innslag av skjemt og moro i framføringane, noko som skapte  latter og god stemning i salen. Ei pause med smørbrød, kaker, kaffe og loddsal vart det og tid til før mannskoret fekk sleppe til. 

Gjestekoret

Volda Mannskor
Volda Mannskor

Janne M. G. Skarstein dirigerte Volda Mannskor slik ho no har gjort i ni år. Dei opna si avdeling med songen som er spesialskriven for grunnlovsjubileet, «Det går et festtog gjennom landet». Utover i si avdeling framførte mannskoret fleire songar som vi set pris på å høyre att, alt frå sarte kyrkjetonar som «Jesu Salvator Mundi», til den meir spretne «Maj på Malö» -som dei no syng utan dirigent. Dei leverte og smakebitar av nytt stoff som dei har øvd inn til sin eigen storkonsert den 10. Mai. Den konserten vert Skarstein sin avskjedskonsert med mannskoret før ho overlet roret til andre, seier ho.

Vellukka samspel
Etter at alle gevinstane var delt ut, var det duka for hendinga som Ulf Kristiansen gledde seg aller mest til på førehand. For fyrste gong skulle han få dirigere Volda Hornmusikk og Volda Mannskor i eit fellesnummer. Verket dei valde heiter «Landkjenning» (også kjent som «Og det var Olav Trygvason») og er komponert av Edvard Grieg til tekst av Bjørnstjerne Bjørnson.

Musikkstudie i Volda
Ulf Krsitansen

Verket er opprinneleg skrive for kor og orkester, men med hornmusikk og mannskor i lag vart det flott framføring og ei staseleg avrunding av konserten. Desse to aktørane kling godt saman, og fleire frå publikum nemnde at dei kunne tenkje seg å høyre meir av eit slikt samarbeide.

Høgskulen i Volda Musikkstudie
Fellessong

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>