Idrett årsstudium ved Høgskulen i Volda har hatt ein sprek studiestart med varierte aktivitetar. Kanskje har de sett dei i aksjon på grusbanene eller i Kaarstadparken? Det har vore mykje aktivitetsglede, læring og utfordringar. Kanskje også litt støle armar og bein? Idrettsstudentane har fått prøvd seg på ulike disiplinar innan friidrett, turn, parkour, bungee, diskgolf, ultimate frisbee, orientering, sandvolleyball, trappetrening, boothcamp, slåball m.m. Som de kan sjå av bileta er det god stemning og mykje latter, sjølv om einskilde økter er harde og effektive. Denne veka skal studentane på tur til Yksnøya der dei skal ha kystfriluftsliv.