Har du vært student i Volda?

Av og til er det artig å mimre og tenke tilbake på alle studentane som har studert i Volda gjennom tidene! Drama og teater har dykka litt i arkivet og leita fram nokre historier om tidlegare studentar som har hamna på dei skrå bredder – kanskje til inspirasjon for dagens studentar?

 

Student ved Høgskulen i Volda på Oslo Nye Teater
Student ved Høgskulen i Volda på Oslo Nye Teater

 

Frå i vår hugsar vi Martin Trondsen som har boltra seg på Oslo Nye Teater i forestillinga Da Hilde ble 50. Stykket vart ein suksess med ekstraforestillingar og gode meldingar.

 

 

 

Student ved Høgskulen i Volda på Actor´s Studio Drama School
Student ved Høgskulen i Volda på Actor´s Studio Drama School

 

Men visste du at i fjor kom tidlegare bachelorstudent i drama og teater, Raymond C. Knutsen, som første nordmann inn på Masterstudiet i skuespillerkunst ved den prestigetunge Actor’s Studio Drama School? Her har Robert De Niro, Dustin Hoffman og Jack Nicholson studert. Raymond har bakgrunn frå Nye Fyllingsdalen teater, og han har også figurert i Høgskulen sine rekrutteringsfilmar.

 

Student ved Høgskulen i Volda i film av Harald Zwart
Student ved Høgskulen i Volda i film av Harald Zwart

 

Også Henrik Morken Nielsen har studert i Volda før han gikk til filmen som den lett hysteriske Helge i  “Lange Flate Ballær 2″. Der var han under regi av Harald Zwart. Her kan du lese om Henrik sitt vidare arbeid  som skodespelar.

 

 

Student ved Høgskulen i Volda ved Festspillene i Nord-Norge
Student ved Høgskulen i Volda på Festspillene i Nord-Norge

 

Sist, men ikke minst hugsar vi Christine Karlsen si rolle i Nordnorsk Scenekompanis oppsetning av Hamlet. Forestillinga hade premiere under Festspillene i Nord-Norge i Harstad, og vart sidan spelt i Tromsø.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>