Tag Archives: bac

Bachelor-festival!

Aldri har drama og teater hatt fleire spanande bachelor-framsyningar enn i vår. Det vert framsyningar på dag og kveld i tre heile dagar til ende!

 

I veka før påske tar til byr vi publikum på ikkje mindre enn 11 bachelor-framsyningar, der 15 tredjeklassestudentar og mange andre- og førsteklassestudentar er involvert.

Ut frå ei problemstilling har studentane jobba seg fram til eit kunstnarleg uttrykk som utforskar problemstillinga deira. Nokre har spørjeundersøkingar i ettertid knytt til framsyningane sine, andre nyttar intervju, og dei setter stor pris på om enkelte i publikum vil vere med på desse.

Her føljer programmet for festivalen, med bilde og litt om prosjekta.

 

Velkomen!

 

MANDAG 23.3.

10:30               Den verste prinsessen, Silje B. Godal i Teatersalen (adaptasjon av The worst princess av Anna Kemp).

  • ei utforsking av fordommar og oppfatningar av prinsesserollen i barnehagen gjennom dramapedagogikk og skuggeteater.

 

12:00               Tre menn i en flaske, Ole E. Omenås, Ingvald Våga og Eirik R. Sivesind

  • ei utforsking av skodespelteknikk i arbeid med roller som er synshemma.
Høgskulen i Volda  - drama og teaterfag
Høgskulen i Volda – drama og teaterfag

 

15:00               Jenta, mammaen og søppla, Julie C. Valla i Teatersalen (Flickan, mamman och soporna av Suzanne Osten).

  • ei utforsking av korleis teater kan skape ei større forståing og openheit omkring psykisk sykdom.

 

Høgskulen i Volda  - drama og teaterfag
Høgskulen i Volda – drama og teaterfag

20:00               En VrangForestilling, Erle N. Slagsvold & Håvard S. Hestetun (eige manus).

  • ei utforsking av korleis teater kan utfordre publikum sine fordommar om galskap, sanning og kva som er ekte.

 

Høgskulen i Volda  - drama og teaterfag
Høgskulen i Volda – drama og teaterfag

TYSDAG 24.3.

14:00               Ett skritt frem og to tilbake, Mathilde S. Henriksen & Rochard von Løwensprung (adaptasjon av Kaninkjærleik av Ulf Nilsson).

  • ei utforsking av adaptasjon, regigrep, og musikkbruk i teater for barn.
Høgskulen i Volda  - drama og teaterfag
Høgskulen i Volda – drama og teaterfag

16:00               Monolog, Martin Trondsen (utdrag frå Peer Gynt, Revisoren og Rabarbers).

  • ei utforsking av kvifor vi lyg og korleis vi gjer det.
Høgskulen i Volda  - drama og teaterfag
Høgskulen i Volda – drama og teaterfag

18:00               En slags hyllest, Anette Finnanger (av Benjamin Schostakowski).

  • ei utforsking av publikum sine reaksjonar på bruk av tubu-tematikk i komisk teater.
Høgskulen i Volda  - drama og teaterfag
Høgskulen i Volda – drama og teaterfag

ONSDAG 25.3

14:00               Drama og retorikk i næringslivet, Kristian Glomnes.

  • ei utforsking av korleis teknikkar frå drama og retorikk kan nyttast i arbeid med sal og presentasjon. Ei workshop.

18:00               Peripeti, Vilde Sævik i Teatersalen (eige manus).

  • ei utforsking av korleis metafiksjon verkar på publikum si oppfatning av fiksjon og sanning i ei framsyning.

 

ONSDAG 8.4

15:00               36 dramatiske situasjoner, Christian P. A. Alhaug i Teatersalen (adaptasjon av The Thirty-six Dramatic Situationes av Georges Polti)

  • ei utforsking av dei utfordringane ein møter i arbeid med å adaptere eit ikkje narrativt verk til ei narrative form.

17:00               NAV – the musikal, Kent A. Sæterøy i Dramasalen (eige manus og musikk)

  • ei utforsking av korleis publikum vil oppfatte eit viktig bodskap i ein humoristisk form.

 

For meir informasjon kontakt

Vibeke Preus Bech

Høgskolelektor i drama/teater ved Høgskulen i Volda

Tlf: 70 07 52 54

E-post: vibekepb@hivolda.no

 

eller besøk oss på Facebook:

https://www.facebook.com/pages/Drama-og-Teater-i-Volda