Onsdag 19. august inviterte Avdeling for kulturfag til frukost for studentar og tilsette. Dette har vi gjort dei siste åtte åra, og det har vorte ein hyggeleg tradisjon med godt oppmøte. Heldigvis hadde vi vêret med oss, strålande sol frå blå himmel laga den perfekte ramma rundt hendinga.
Dekan Aud Folkestad ønska dei nye studentane velkomen, og tilsette ved Seksjon for musikk bidrog med avslappande taffelmusikk.
Etter frukosten vart det halde kurs for nye studentar ved Avdeling for kulturfag. Kurset tok føre seg ein del praktisk informasjon studentane sjølve må ta hand om, dei fekk orientering om regelverk og ulike system HVO nyttar, og til slutt fekk dei ei innføring i studieteknikk. Det var bra oppmøte også her. Dette lovar godt, og vi ser med dette fram til studieåret 2015/2016!