Kaarstadfestivalen har som mål å skape ein arena og møteplass der dei dyktige og kreative studentane ved Avdeling for kulturfag kan møte publikum, unge som eldre, gjennom konsertar, kunstutstillingar, teaterframsyningar, filmar og fotografi m. m. av høg kvalitet.
Onsdag 19. august inviterte Avdeling for kulturfag til frukost for studentar og tilsette. Dette har vi gjort dei siste åtte åra, og det har vorte ein hyggeleg tradisjon med godt oppmøte. Heldigvis hadde vi vêret med oss, strålande sol frå blå himmel laga den perfekte ramma rundt hendinga.
Dekan Aud Folkestad ønska dei nye studentane velkomen, og tilsette ved Seksjon for musikk bidrog med avslappande taffelmusikk.
Etter frukosten vart det halde kurs for nye studentar ved Avdeling for kulturfag. Kurset tok føre seg ein del praktisk informasjon studentane sjølve må ta hand om, dei fekk orientering om regelverk og ulike system HVO nyttar, og til slutt fekk dei ei innføring i studieteknikk. Det var bra oppmøte også her. Dette lovar godt, og vi ser med dette fram til studieåret 2015/2016!
4.-6. november vitja kring 700 elevar Høgskulen i Volda i høve Utdanningsdagane. Målet med desse dagane er å gi elevar frå vidaregåande- og folkehøgskular i området eit innblikk i utdannings- og karrierevegar i regionen.
Det er det fjerde året Høgskulen i Volda arrangerer Utdanningsdagane, men i år har både innhaldet og organiseringa av dagane endra form. Tidlegare år har elevane gått rundt på alle avdelingane og fått informasjon om studia dei tilbyr. Det nye konseptet går derimot ut på at elevane skal få eit innblikk i korleis det er å vere student på Høgskulen i Volda. På førehand valde kvar elev, gjennom elektronisk påmelding, dei fire fagområda som verka mest interessante. I tillegg til alle fagområda ved Høgskulen i Volda hadde også Høgskolen i Molde og Høgskolen i Ålesund postar som elevane kunne velje.
Elevane viste stor interesse for dei fem fagområda på Avdeling for Kulturfag, og faglærarane hadde laga gode opplegg knytt til reelle undervisningssituasjonar.
Musikk
Elevane fekk prøve ulike musikkinstrument i bandromet. Foto: Karoline Stokke.
Musikkseksjonen hadde laga eit variert opplegg der elevane fekk ei orientering om musikkstudia generelt, fekk sett ein del av den ordinære undervisninga og sjølve fekk vere aktive i bandromet. Avhengig av tidspunkt og dag fekk elevane sjå enten musikkundervisning for barn og unge, musikkteknologi eller ensembleleiing. Eit par av gruppene fekk sjå korøving, og ei gruppe fekk sjå delar av ein huskonsert. I tillegg fekk elevane teste forskjellige instrument på bandromet, og det var rom for “jamming” om elevane ville det.
God stemning og høg musikalitet når elevane får prøve instrument. Seksjonsleiar Øystein Salhus ved pianoet. Foto: Karoline Stokke.
Drama og teater
Bachelorstudentar fortel om livet som student på drama og teater i Volda. Foto: Karoline Stokke.
Elevane fekk prøve ulike dramaleikar. Foto: Karoline Stokke.
Idrett og friluftsliv
Mange elevar hadde meldt seg på postane til idrett og friluftsliv. Foto: Karoline Stokke.
Seksjon for idrett og friluftsliv hadde fått ein student frå idrett og ein frå friluftsliv til å fortelje om studiemodellane og mogelegheitene i Volda. Elevane fekk i også omvisning på Idrettsbygget, der dei fekk sjå pågåande undervisning både i symjehallen og idrettshallen. Der fekk dei stille spørsmål til studentar og lærarar dersom dei ønska det.
Idrett og friluftsliv hadde laga nye faldarar i høve Utdanningsdagane 2014.
Formgiving, kunst og handverk
Teiknesalen var full under Utdanningsdagane 2014. Foto: Karoline Stokke.
Tre av elevarbeida frå workshop med teamet komposisjon og layout.
Media, IKT og design
Elevane fekk blant anna sjå klipp frå filmar studentane har produsert.
Opplegget som seksjon for medie- og kommunikasjonsteknologi hadde laga bestod av tre delar. Først informerte noverande studentar om bachelor i media, IKT og design og mogelegheiter for utveksling. Deretter fekk elevane sjå klipp frå ulike produksjonar som er laga av MID-studentar. Til slutt fekk elevane omvisning i kjellaren på Idrettsbygget, der dei blant anna fekk sjå studentar jobbe med film og foto.
Omvisning i lokala til MID. Foto: Karoline Stokke.
Følg gjerne kunstoghandverkvolda for å få bildeoppdateringar av det som skjer på seksjon for formgjeving, kunst og handverk her på Høgskulen i Volda.
Studentane er flinke til å legge ut glimt frå studiekvardagen sin sjølv også. Her er til dømes bilete førsteårsstudent Elisabeth Halkjelsvik har delt på Instagram frå studiekvardagen på kunst og handverk:
Redesign. Foto: Elisabeth Halkjelsvik.Toving av tøflar. Foto: Elisabeth Halkjelsvik.Blide studentar held på med leire. Foto: Elisabeth Halkjelsvik.Arbeid med leire. Foto: Elisabeth Halkjelsvik.
Til alle studentar på kunst og handverk:
Bruk gjerne emneknagg/hashtag #kunstoghandverkvolda på bilete du ønsker å dele frå studiekvardagen din.
Måndag kveld arrangerte Høgskulen i Volda ein alternativ foredragskveld. Då arrangerte vi Pecha Kucha-kveld på Rokken, noko som vart ein suksess under i år også!
Klare til dyst! Forskning her kommer vi!
Det japanske foredragskonseptet er populært over heile verda. Her vert det spanande foredrag frå stipendiatar og andre engasjerte fagpersonar ved Høgskulen i Volda. Pecha Kucha-forma inneber ein presentasjon med 20 slides der kvar slide skal vare i 20 sekund. Kvar presentasjon varer i underkant av 7 minutt.
Kulturfag var godt reprensentert med 3 av 5 foredrag!
PROGRAM
Forskingsprosjektet A-kandidaten: høgskulelektor Janne Heggvoll, AKF, høgskulelektor Åshild Sævik, AKF og førsteamanuensis Karen Brænne, AKF
Spiritualitet og minoritetsungdom: stipendiat Hildegunn Valen Kleive, AHL
Mellom overbevising og kompromiss? Vurderingspraksis i musikkutøving på vidaregåande skule: førstelektor Elizabeth Oltedal, AKF
Det grenselause klasserommet: høgskulelektor Synnøve Moltudal, AKF
Dagens tenåringer kjenner ikke en verden uten sosiale medier. Hvilke strategier har disse i det uformelle læringsarbeidet?: høgskulelektor Marianne Haglia, AKF
Oppstartsoppgåve for faglærarstudentane i Formgiving, kunst og handverk. Utgangspunktet var ei palle pr student. Sjå dei ferdige palassa i elva ved Kaarstad.
TYSDAG 3. JUNI OG ONSDAG 4. JUNI KL. 18-20
STAD: DEN NYE DELEN AV KAARSTAD-HUSET,
INNGANG NORD (mot Kårstadvegen) OG AUST (mot sjukehuset)
Komande tysdag og onsdag kveld, vil seksjon for Formgiving, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda halde ope delar av verkstad-lokala sine der bachelorstudentar held utstilling. Studentane har arbeidd med sjølvvalt tema og materialområde i eit halvt år, og dei er til saman 20 i talet.
Arbeida syner stor breidde. Du får mellom anna sjå skulpturar i keramikk, papir og glas, måleri, grafikk, smykke i tre og metall, funksjonell design i strikking og toving, saum, foto, teikneserie, teikning – og meir. I gangen utanfor verkstaden har også emne Tre og tradisjonsarbeid stilt ut knivar, koppar og sveip. Velkomen!
I januar dette året startet vi opp et nytt emne kalt Entreprenørskap i kulturnæringar her på avdeling for kulturfag. Dette er et emne som gir studentene innsikt i det potensialet som ligger i verdiskaping og innovasjon innenfor kulturfagene. Dette semesteret har vi studenter fra Drama, Musikk, Media, IKT og design og Kunst og håndverk. 28 studenter har sammen valgt 7 ideer som de har dannet grupper rundt og som de nå utvikler forretningsplaner til. En av disse gruppene har ideen EXIT VOLDA, en kulturfestival der bachelorstudentene ved avdeling for kulturfag skal kunne vise frem det de har jobbet med, lært og utviklet i løpet av sine tre år her ved Høgskolen i Volda.
Kanskje du vil være med å skape verdier innenfor ditt kulturfag til neste år. Emneplanen finner du her.
Høgskulen i Volda; faga musikk, formgjeving, kunst og handverk, idrett, friluftsliv, drama og teater, digital kompetanse i læring, medie og kommunikasjonsteknologi