Tag Archives: musikkvideo

Musikkstudentenes musikkvideoer høyskole musikkfag Høgskulen i Volda

SAMARBEID MED GODT RESULTAT

among colors_foto av marius beck dahle, musikk, høgskulen i Volda
Among Colors. Foto: Marius Beck Dahle.

Among Colors gav i november ut førstesingelen «Indefinite» på plateselskapet Big Valley Records. Låta vart spelt inn i Playground Studios i Stordal, og er produsert av Robin Aasen og Preben Dale. I løpet av våren kjem bandet med sin første EP, og «Indefinite» er med på denne.

Fire av medlemane i det HVO-baserte bandet studerer Bachelor i musikk ved Avdeling for kulturfag (AKF), medan femtemann tek Årsstudium i historie. Musikkvideoen til låta er laga saman med Atle Vasbotn Remmereit, han tek bachelorgraden i Media, IKT og design ved AKF. Han har fått med seg eit produksjonsteam som består av Fredrik Hinsch, Simen Krubbfelt og Tore Åfar.

Videoen handlar om ein kar som har bursdag, men som aldri heilt får det han leitar etter. Dette får brutale konsekvensar for gjestane hans. Manuset sin samanheng med songteksten er frykta for å aldri oppnå det du vil, samt frykt for å gå inn i det ukjende. Skodespelarane i videoen er studentar på Seksjon for drama og teater, der Kent Sæterøy spelar rolla som bursdagsbarnet. Bursdagsgjestane er Erle Slagsvold, Markus Odland, Silje Jacobsen og Håvard Hestetun.

Among Colors er samansett av Preben Dale (vokal/gitar/effektar), Timmy Ass (gitar/kor/effektar), Magnus Magnusson (bass), Marius Jørgenstuen (piano/synth/kor), samt Magnus Solheim (slagverk). Bandet har ein cameo mot slutten av musikkvideoen.

Bandet og videoen er eit godt eksempel på kva samarbeid mellom studentar frå ulike studieprogram ved HVO kan resultere i. Vi håper å få sjå meir til denne gjengen framover!

 

 

Blant topp 4 med eigenkomponert låt i Idol

Musikkstudenten Jørn Trollebø Kvalheim er framleis med i sangkonkurransen Idol, som blir vist på TV2 fredagskveldane. Førre veke fekk finalistane spele inn og gi ut kvar sin låt. Jørn var den einaste av dei fem finalistane som valgte å skrive låta si sjølv.
“Det er jo dette som er drømmen min, å lage egen musikk og fremføre den” sa Jørn til Fjordenes Tidende før Idol-sendinga på fredag.

Idol-finalistane fekk i tillegg lage musikkvideo til låtane sine. Her er Jørn sin musikkvideo til “Collide“:
YouTube Preview Image

Under utstemminga på fredag var det Jesper Jenset som måtte forlate Idol. Jørn er dermed blant topp 4 i Idol 2014 saman med Chinook Lamers, Ingvar Olsen og Anniken Høve.

Låtane til Idol-finalistane er tilgjengeleg både på iTunes og Spotify, og ein kan sjå musikkvideoane på YouTube.

Debutsingel frå Eirik Sognnes

Fredag

Den gode kjensla av fredag og fri kan vi alle kjenne oss att i! Sjå musikkvideoen til singelen Fredag som er filma på Kaarstad-huset og Rokken.  Mannen bak musikken, Eirik Sognnes er nyutdanna student frå musikk-bachelor.  Og produsent for videoen er tidlegare student på  MID-bachelor Atle Vasbotn Remmereit.

Eirik Sognnes_musikk_ Volda_ Foto: Chris Håvard Berge
Eirik Sognnes_musikk_ Volda_ Foto: Chris Håvard Berge

Presse:  Eirik fortel om musikken sin og prosjektet på framtida.no og porten.no. Liste over musikarane, skodespelarane og videoprodusentane finn du på  hivolda.no.