Tag Archives: Naturguide

Nytt studium – NATURGUIDE

Høgskulen i Volda Naturguide
Høgskulen i Volda Naturguide

Hausten 2015 er det oppstart for det nye årsstudiet Naturguide ved Seksjon for idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda

Studiet har fokus på guiding frå hav til fjell, på nye teoriområde innanfor reiseliv, og gjesten sitt perspektiv. I studiet lærer ein om guiding både i sommarhalvåret og i vinterhalvåret i ulike naturtypar. Studiet har fokus på guidearbeid i norsk fjordlandskap, med spesiell vinkling på lokalgeografi, lokalhistorie og lokale naturbrukstradisjonar. Studiet har også vekt på reiseliv, opplevingspsykologi og forståing for at vi arbeider med menneske som står i relasjon til andre menneske, tryggleiksmessig og sosialt.

Innanfor reiselivsnæringa ynskjer ein å ha ei kvalitetssikring av guidetenester, då naturbasert reiseliv er i sterk vekst. Fleire og fleire er villig til å betale for kvalitetstid i naturen, noko som skaper ein marknad for guideutdanning og guidetjenester. Målsettinga med studiet er å kvalifisere studentar for arbeid som naturguide i høve Norsk Naturguideforbund sin Bransjestandard for naturguide (NNG).

Høgskulen i Volda har frå før bachelor og årsstudium i friluftsliv og Tindevegleiarutdanning, samt bachelor og årsstudium i idrett. Naturguideutdanninga kan takast som ein del av Bachelorgrad i friluftsliv, men kan også sjåast som eit sjølvstendig avsluttande studium. Søknadsfristen er 15. april.