Tag Archives: Ørsta

Gerd Thoreid – Noregs eldste standup-komiker

Konsertmelding av Janne Smålåten

Noregs eldste standupkomiker heiter «GT-Sara», Gerd Thoreid. Denne dama har fylt 90 år og reiser framleis rundt i landet og fortel vitsar og syng viser. I tillegg er ho den eldste platedebutanten i Noreg. Då ho ga ut sitt fyrste album som åttitreåring. «GT-Sara på farten med full rulle». Totalt har ho fire utgjevne album på sine eldre dager.

 

Thoreid

Det er onsdag 14.01.2015. Vi ventar på at standupkomiker, «GT-Sara» Gerd Thoreid skal inn på scena i Ørsta kulturhus. Lokalet vart opna i 1891 og har kino, bibliotek og kan blant anna brukast til galleri, storkjøkken, festsal med meir.

Innledningsvis fortel Gerd at ho er frå Hedmarken og kan kun fem grep på gitaren. -Dei lærde je på frelsesarmeen på Hamar. Je var syndagsskulelærinne og hadde tenkt å bli major eller oberst. Men det skar seg. Je’ skjeie ut med en soldat i kjeller’n på frelsesarmeen. Så det var den karrieren.

 -Det var presten som fikk et vepsestikk der hvor’n ikke burde fått det. også ropte’n: Herre herre la smerten fare, men la hevelsen vare.

-Jeg skulle vært prest jeg, men jeg hadde for kort hals.

-Det var ei nonne det, som jobba på en kondomfabrikk, hu trudde hu laga sovåpåsar te mus.

Det er halvfull sal. Og ho vil ha lyset på. Så under heile forestillinga er det dempa belysning i salen. Det set stemninga. Det er rolige energier blant publikum før ho startar showet sitt. Når den fyrste vitsen kjem brakar latteren laus. Dette skjer fleire gonger gjennom forestillinga. Alle vitsane kan ikkje være like morosame, så det er klart at det høyres lunken latter av og til.

Vi får viser av Alf Prøysen, Cornelis Vreeswijk og ein låt som ho har gjort med Sten & Stanley, Song frå dottera på 90 årsdagen. Det enkle visekompet på gitar gjer eit fint og reint musikalsk uttrykk.

-Stemmen min er itte slik som den var, men det har den aldri vøri.

GT-Sara nevner det nokre gonger gjennom forestillinga at: -Har de stygg fantasi får de gå ut! og -For å jevne ut for dei grovaste historiene, syng eg fine viser.

-Det var en språkforsker som var nede på møre. Si meg en ting nedpå møre her; sier de jeg døde eller jeg dødde? Her nede på møre, her holder vi kjeften på øss når vi har daue.

Verdenssituasjonen i dag er ikkje lys, var Gerd sin introduksjon av neste låt. Heile salen var med og song ”i natt jeg drømde”. Eg var ikkje den einaste med gåsehud. Det blei fleire historier før vi fekk nest siste låten ”Vill ni se en stjärna”.

Siste visa hadde dottera skrive til Gerds 90 årsdag. Eit lite utdrag av teksta: Du burde hatt hundrede hender. Det var ikke noen som spurte om du noen gang var for trett.

Den flotte spreke dama gav alt og meire til. Dei fem og førti minutta som ho skulle underhalde, vart til gladelege fire og femti minutt. Ho avslutta med å seie at neste gong ho kom ville ho ha sommarvær. For denne kvelden var det vått vintervær…

Eg sat igjen med ei utruleg glede inni meg då eg gjekk for å prate med Gerd etter forestillinga. Ho gjer meg så mykje når ho får meg til å le av grovisane sine. Det gir veldig mykje til ein grå kvardag. Lærdomen eg fekk av førestillinga var vel at det er aldri for seint å begynne med noko nytt i livet. Og at ein ikkje må vere redd for å ta sjanser.