Tag Archives: samarbeid

høyskolen

Plagge i barnehagen

I samband med Sunnmøre kammermusikkfestival denne veka spelte pianist og komponist Wolfgang Plagge i Trollsletta barnehage i Volda. Festivalen ønskjer å tilby gode musikkopplevingar på høgt nivå, og det vert lagt vekt på at det skal vere ein festival for alle. For å nå dei yngre delane av befolkninga var altså eit besøk i barnehagen ein del av musikkprogrammet.

Wolfgang Plagge, Høgskulen i Volda, Foto: Knut Arne Aarset, Sunnmøre Kammermusikkfestival
Wolfgang Plagge. Foto: Knut Arne Aarset.

På nrk.no kan du sjå video av Plagge sitt besøk i barnehagen, og samstundes sjå intervju med Øyvind Eiksund som er styreleiar i Sunnmøre kammermusikkfestival.

Open forelesing med Jan Espen Kruse

Alle studentar og tilsette er velkomne til den opne forelesinga “Behandlinga av sanning i konfliktar som den mellom Ukraina og Russland” ved Høgskulen i Volda.

Foredragshaldar: NRK-korrespondent Jan Espen Kruse.
Tid: kl.13.15-15.00, torsdag 4.september 2014.
Stad: Kaarstad-huset, rom 204.
Tema: Sanning.

Invitasjonsplakat til opa forelesning med Jan Espen Kruse på Høgskulen i Volda
Invitasjon til forelesning med Jan Espen Kruse.