Onsdag 19. august inviterte Avdeling for kulturfag til frukost for studentar og tilsette. Dette har vi gjort dei siste åtte åra, og det har vorte ein hyggeleg tradisjon med godt oppmøte. Heldigvis hadde vi vêret med oss, strålande sol frå blå himmel laga den perfekte ramma rundt hendinga.
Dekan Aud Folkestad ønska dei nye studentane velkomen, og tilsette ved Seksjon for musikk bidrog med avslappande taffelmusikk.
Etter frukosten vart det halde kurs for nye studentar ved Avdeling for kulturfag. Kurset tok føre seg ein del praktisk informasjon studentane sjølve må ta hand om, dei fekk orientering om regelverk og ulike system HVO nyttar, og til slutt fekk dei ei innføring i studieteknikk. Det var bra oppmøte også her. Dette lovar godt, og vi ser med dette fram til studieåret 2015/2016!
Skolestart med frisbee, sansvolleyball og diskgolf.
Idrett og friluftsliv Høgskulen i VoldaIdrett og friluftsliv Høgskulen i VoldaIdrett og friluftsliv Høgskulen i VoldaIdrett og friluftsliv Høgskulen i VoldaIdrett og friluftsliv Høgskulen i Volda
Oppstartsoppgåve for faglærarstudentane i Formgiving, kunst og handverk. Utgangspunktet var ei palle pr student. Sjå dei ferdige palassa i elva ved Kaarstad.
På Høgskulen i Volda er Fadderveka 2014 allereie godt i gong. Det er lagt opp til eit variert program med mange ulike aktivitetar og arrangement for at alle skal finne noko dei har lyst å delta på.
I dag kan studentane blant anna trene gratis på treningssenteret Stamina HOT kl.13. Nokre timar seinare har studentane mogelegheit til å prøve seg på klatring i Klatresiloen eller delta på ein sosial fisketur på kaia dersom det fristar meir. Seinare kan ein nyte film frå Dokfilm i Røysløda, før det vert konsert med den norske rockegruppa Kakkmaddafakka på Rokken Studenthus.
Full programoversikt for resten av Fadderveka 2014 finn du her.
Studentfadrane Jeanett Tangen og Hanne Stokke sprer glede under volleyballturnering på Årneset. Foto: Erica Lunde.
Dersom det blir regn, flyttar vi frukosten inn i Kaarstad-huset, så vel møtt uansett vêr!
Musikk i Kaarstadparken_Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda; faga musikk, formgjeving, kunst og handverk, idrett, friluftsliv, drama og teater, digital kompetanse i læring, medie og kommunikasjonsteknologi