Ei reise frå natt til dag Volda kyrkje Torsdag 23. oktober kl. 1930. Pris 150/100
Symfoniorkesteret og Høgskulekoret ved Høgskulen Volda
Visste du at Høgskulen i Volda har eit eige Høgskulekor og ikkje minst eit eige Symfoniorkester? No kan du få høyre dei begge i ein felles konsert!
Orkesteret vil framføre Symfoni i h-moll, ”Den ufullendte” av Franz Schubert. Verket vart skrive i 1822-23 og kom ikkje inn på standardrepertoaret før mykje seinare på attenhundretalet. Schubert sitt verk har to lange, vakre og formfullende langsame satsar, med meisterleg melodikk og store kontrastar innanfor kvar sats. I dag vert denne symfonien regna som den fyrste fullblods romantiske symfonien – skrive to år før Beethovens niande.
Koret vil framføre kormusikk frå dei siste tjue åra, utforma som ein form for reise frå natt til dag. Programmet vekslar mellom musikk i klassisk tradisjon av komponistane Eric Whitacre og John Rutter, og folkemusikk for kor frå Brasil, Venezuela og Sør- Afrika, og mellom rolege og livlege stemningar.
Konserten er åpningskonsert hjå Kyrkjemusikkdagane i Volda, for meir informasjon om desse, sjå Kyrkjemusikkdagane på Facebook.
Billettar:
Vaksne: kr 250
Studentar: kr 100
Born: kr 50
Ver tidleg ute, her kan verte kamp om plassane!
Høgskulen i Volda; faga musikk, formgjeving, kunst og handverk, idrett, friluftsliv, drama og teater, digital kompetanse i læring, medie og kommunikasjonsteknologi