Tag Archives: talent

flere unge talenter ved høyskolen

Trollbundne av Trollebø

Musikkstudent Jørn Trollebø Kvalheim har klart det igjen! Fredag sikra han seg plass i den siste Idolfinalen.

Den store finalen i Idol 2014 går av stabelen fredag 12. desember kl. 20. Gjer deg klar med telefonen fredag kveld og STEM på JØRN!

 Avdeling for kulturfag  og heile Høgskulen i Volda ynskjer stolt sin talentfulle student hell og lukke.

Blant topp 4 med eigenkomponert låt i Idol

Musikkstudenten Jørn Trollebø Kvalheim er framleis med i sangkonkurransen Idol, som blir vist på TV2 fredagskveldane. Førre veke fekk finalistane spele inn og gi ut kvar sin låt. Jørn var den einaste av dei fem finalistane som valgte å skrive låta si sjølv.
“Det er jo dette som er drømmen min, å lage egen musikk og fremføre den” sa Jørn til Fjordenes Tidende før Idol-sendinga på fredag.

Idol-finalistane fekk i tillegg lage musikkvideo til låtane sine. Her er Jørn sin musikkvideo til “Collide“:
YouTube Preview Image

Under utstemminga på fredag var det Jesper Jenset som måtte forlate Idol. Jørn er dermed blant topp 4 i Idol 2014 saman med Chinook Lamers, Ingvar Olsen og Anniken Høve.

Låtane til Idol-finalistane er tilgjengeleg både på iTunes og Spotify, og ein kan sjå musikkvideoane på YouTube.

Among Colors ute med sin første singel

Studentbandet Among Colors slapp førre veke sin første singel “Indefinite” Spotify, iTunes og WiMP. Singelen er spelt inn av i Robin Aasen i Playground Studio, og utgjeven av Big Valley Records. Masteren er gjort av Svein Erik Åmås i Audiofarm Studio.

among colors_indefinite, studentband Høgskulen i Volda, musikk
Coveret til “Indefinite” av Among Colors.

Among Colors er eit studentband frå Volda som spelar sjølvkomponert musikk i sjangeren alternativ rock. Bandet vart starta hausten 2013 og består av Preben Dale (vokal og gitar), Timmy Aass (gitar og vokal), Magnus Magnússon (bass og vokal), Magnus Solheim (trommer) og Marius Jørgenstuen (piano/synth/vokal).

among colors_foto av marius beck dahle, musikk, høgskulen i Volda
Among Colors. Foto: Marius Beck Dahle.

Fire av fem bandmedlemmer studerer musikkHøgskulen i Volda. Tidlegare har bandmedlemmane uttalt at Volda har eit inspirerande musikkmiljø med engasjerte studentar og band som er flinke til å setje i stand prosjekt og konsertar. Våren 2014 fekk Among Colors blant anna ha Studenthuset Rokken sin første lukka streamingkonsert, som vart streama gjennom heimesida deira amongcolors.com.

YouTube Preview Image

 

Sjekk ut Among Colors sin singelen “Indefinite” her:
Spotify
iTunes
WiMP

Voldastudent med favorittstempel i Idol

Høgskulen i Volda sin musikkstudent Jørn Trollebø Kvalheim gjer det framleis veldig bra i Idol. Under bandkvelden på fredag framførte Jørn sangen “The Pretender” av Foo Fighters:

YouTube Preview Image

Dommarane var mektig imponerte:

“Nå er du i ferd med å springe ut i full blomst. Dette er det du skal drive med”. – Dansken/Esben Selvig.
“Det er det tøffeste du har gjort i hele år. Du seilte opp som min favoritt akkurat nå.” – Kurt Nilsen.
“Du er i ferd med å parkere hele konkurransen, dette var en maktdemonstrasjon av de sjeldne” – Gunnar Greve.
“Det var fantastisk bra!” – Tone Damli.

Jørn gjekk vidare, og er dermed ein av seks gjenståande deltakarar som kan vinne Idol 2014.

Les også kva seksjonsleiar Øystein Salhus og høgskulelektor Svein Hunnes meiner er musikkstudenten sine fordelar i Idol her.

 

Teaterproduksjon: Kongen dør!

Ingenting skaper mer høststemning på Drama og teater enn når Sigrun Meisingset setter opp et absurd drama med bachelorstudentene, og i år blir det altså Kongen dør av Eugène Ionesco.

Sigrun har en spesiell forkjærlighet til det absurde drama, og den fysiske spillestilen er fremtredende i hennes regi. Blant hennes tidligere oppsetninger finner vi bl.a. Den skallete sangerinnen og Privattimen som også er skrevet av Ionesco.

Den private timen, drama og teater, Høgskulen i Volda, 2011_foto av espen breivik
Kristina Myrvold og Per Øyving Skjærvold Johansen fra Den private timen fra 2011. Foto: Espen Breivik.

Ionesco sitt «antiteater» utfordret de vanlige teaterkonvensjoner, og hans drama fokuserer særlig på erfaringen av at språket ikke er skikket til å være et bindeledd mellom menneskene. Mennesket befinner seg i en verden som det ikke forstår og der verdiene går i oppløsning. Mange av Ionescos skuespill er tolket som angrep på totalitære elementer i samfunnet, men de fleste har også sterke humoristiske innslag.

Forestillingen kan oppleves i Teatersalen på Kaarstadhuset fra den 16.-18.november. Mer om tidspunkt og billettpriser kommer senere, men det er bare å holde av datoene allerede nå.

Andre aktuelle bloggposter om drama og teater:
Hendingar på Drama og Teater, hausten 2014
Studietur til Oslo

Jørn finalist i Idol 2014!

I går var det duka for fjerde semifinale i sangkonkurransen Idol TV2. Jørn Trollebø Kvalheim var ein av dei ti deltakarane som hadde sjansen til å gå vidare til finalen. Den vakre framføringa av “Where do my bluebirds fly” av Tallest man on earth rørte både dommar Tone Damli og programleiar Stian Blipp.

YouTube Preview Image

Framføringa var så bra at dei andre semifinalistane reiste seg. Tv-sjåarane var også mektig imponerte, noko som førte til at Jørn vart stemt vidare til topp 10 saman med Tara Lill Flåten Nicolaisen.

Til dagleg studerer Jørn musikk ved Høgskulen i Volda, og han har tidlegare uttalt at det er ein fordel: “Det er noe med å ha sangteknikk, kjenne på presset og kjenne at dette er alvor. Da tar en gjerne litt ekstra i når en synger, og blir fortere sliten”.

Seksjonsleiar Øystein Salhus og høgskulelektor Svein Hunnes ved musikkseksjonen på Avdeling for Kulturfag har mykje positivt å seie om Jørn:
«Jørn er veldig engasjert, og han har ein smittande energi som publikum også får kjenne på» seier Salhus.
«Ja, framføringane hans er ekte og inderlege» legg Hunnes til.

Som student er Jørn er ein stjerneelev på alle måtar. Han er aktiv i musikkmiljøet både på og utanfor høgskulen. Salhus og Hunnes er einige om at Jørn har god innverknad på klassemiljøet. For Jørn er det truleg også hjelpsamt å ha medstudentane som støttespelarar under Idol. «Det er ei god og støttande klasse!» påpeikar Hunnes.

I forhold til Jørn sine sjansar vidare i Idol er Hunnes og Salhus optimistiske. «Jørn syng sjølvsagt veldig bra! Han er også flink til å velje songar som passar til stemma hans» meiner Salhus. Hunnes er einig og påpeikar at det er ein stor fordel at Jørn er mottakeleg for innspel frå andre. «Jørn er veldig lærevillig, og han har i tillegg beina godt planta på jorda» avsluttar Hunnes.

– Les meir om Jørn sin prestasjon i semifinalen i VGSunnmørsposten, Fjordens Tidende  og på TV2.no.
– Intervju med Jørn og Tara etter semifinalen kan du sjå her.

Tidlegare bloggpostar om Jørn:
Jørn vidare i Idol
Idol-kjendis på AKF

Jørn vidare i Idol

Jørn Trollebø Kvalheim som studerer musikkHøgskulen i Volda er som tidlegare nemnt med i sangkonkurransen Idol.

Under sendinga på fredag gjekk han vidare både frå den individuelle runda og trio-delen. Sjølv om Jørn var med i ein trio vart deltakarane dømt etter personleg prestasjon, og Jørn var ein av to som gjekk vidare i sin trio.

Høyr dei flotte sangprestasjonane her:
YouTube Preview Image

YouTube Preview Image

 

Jørn er no ein av dei 55 gjenståande deltakarane. Følg med på TV2 på onsdag kl.20.00 for å sjå om dommarane vel ut Jørn som ein av dei 40 semifinalistane i Idol 2014.

Idol-kjendis på AKF

Jørn Trollebø Kvalheim frå Måløy studerar musikk ved avdeling for kulturfag Høgskulen i Volda. Han har akkurat byrja på det tredje året i bachelorutdanninga i musikk. I går fekk han vist heile Noreg det store talent han har gjennom sangkonkurransen Idol.

Skjermpdump frå Idol-auditionen til Jørn Trollebø Kvalheim på tv2.no.
Skjermpdump frå Idol-auditionen til Jørn Trollebø Kvalheim på tv2.no.

Etter auditionen var tilbakemeldingane frå dommarane overveldande positive:
“Det er kanskje det kuleste jeg har hørt så langt i år!” – Kurt Nilsen.
“Jeg fikk frysninger, men ble helt varm inni meg. Det var ekstremt fint.” – Tone Damli Aaberge.
“Helt rått, I love it!” – Esben “Dansken” Selvig.
“…sånne folk som deg gjør at jeg blir sinnsykt glad for at jeg driver med dette!” – Gunnar Greve Pettersen.

Jørn har blitt lagt merke til, og han har fått store oppslag i fleire mediekanalar som blant anna SunnmørspostenTV2 og kjendis.no.

Vi på kulturfagsavdelinga ved Høgskulen i Volda er sjølvsagt veldig glade for at talentet til ein av studentane våre kjem fram i nasjonal samanheng. På Høgskulen i Volda har Jørn har blant anna vore aktiv i studentbandet “The Blues, The Brass and The Bigband“. Nyleg spelte han og medstudenten Bjørn Thorshaug Lilleengen på velkomstfrukosten til kulturfagsavdelinga i samband med opninga av det nye studieåret.

Om du ikkje såg Idol på TV2 i går kan du gå inn på YouTube for å sjå heile Idol-auditionen til Jørn der.

Dersom du vil høyre meir frå Jørn kan du kike på desse lenkene:
- Profil for Jørn Trollebø Kvalheim på Urørt.
- Facebook-side for The Blues, The Brass and The Bigband