Tag Archives: Utdanningsdagane

Utdanningsdagane 2014

4.-6. november vitja kring 700 elevar Høgskulen i Volda i høve Utdanningsdagane. Målet med desse dagane er å gi elevar frå vidaregåande- og folkehøgskular i området eit innblikk i utdannings- og karrierevegar i regionen.

Det er det fjerde året Høgskulen i Volda arrangerer Utdanningsdagane, men i år har både innhaldet og organiseringa av dagane endra form. Tidlegare år har elevane gått rundt på alle avdelingane og fått informasjon om studia dei tilbyr. Det nye konseptet går derimot ut på at elevane skal få eit innblikk i korleis det er å vere student på Høgskulen i Volda. På førehand valde kvar elev, gjennom elektronisk påmelding, dei fire fagområda som verka mest interessante. I tillegg til alle fagområda ved Høgskulen i Volda hadde også Høgskolen i Molde og Høgskolen i Ålesund postar som elevane kunne velje.

Elevane viste stor interesse for dei fem fagområda på Avdeling for Kulturfag, og faglærarane hadde laga gode opplegg knytt til reelle undervisningssituasjonar.

Musikk

IMG_4054_utdanningsdagane2014, avdeling for kulturfag, musikk, høgskulen i volda, foto av karoline stokke
Elevane fekk prøve ulike musikkinstrument i bandromet. Foto: Karoline Stokke.

Musikkseksjonen hadde laga eit variert opplegg der elevane fekk ei orientering om musikkstudia generelt, fekk sett ein del av den ordinære undervisninga og sjølve fekk vere aktive i bandromet. Avhengig av tidspunkt og dag fekk elevane sjå enten musikkundervisning for barn og unge, musikkteknologi eller ensembleleiing. Eit par av gruppene fekk sjå korøving, og ei gruppe fekk sjå delar av ein huskonsert. I tillegg fekk elevane teste forskjellige instrument på bandromet, og det var rom for “jamming” om elevane ville det.

IMG_4072, utdanningsdagane 2014, avdeling for kulturfag, musikk, høgskulen i volda, foto av karoline stokke
God stemning og høg musikalitet når elevane får prøve instrument. Seksjonsleiar Øystein Salhus ved pianoet. Foto: Karoline Stokke.

 

Drama og teater

IMG_4042, drama og teater, avdeling for kulturfag, høgskulen i volda, foto av karoline stokke
Bachelorstudentar fortel om livet som student på drama og teater i Volda. Foto: Karoline Stokke.

For elevane som hadde valgt drama og teater var det også lagt opp til eit samansett program. Først hadde to bachelorstudentar frå drama og teater ein presentasjon der dei blant anna fortalte om dei ulike emna, studieturar og studentmiljøet i Volda. Studentane viste også klipp frå tidlegare forestillingar laga på Høgskulen i Volda. Elevane fekk deretter vere med på ein liten workshop med øvingar som blir brukt i drama og teater ved Høgskulen i Volda. Til slutt fekk dei observere korleis studentane jobbar med å lage julemusikal for heile familien og ein absurd klassikar for ungdom og vaksne.

IMG_4050, utdanningsdagane 2014, drama og teater, avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda, foto av karoline stokke
Elevane fekk prøve ulike dramaleikar. Foto: Karoline Stokke.

 

Idrett og friluftsliv

IMG_4022
Mange elevar hadde meldt seg på postane til idrett og friluftsliv. Foto: Karoline Stokke.

Seksjon for idrett og friluftsliv hadde fått ein student frå idrett og ein frå friluftsliv til å fortelje om studiemodellane og mogelegheitene i Volda. Elevane fekk i også omvisning på Idrettsbygget, der dei fekk sjå pågåande undervisning både i symjehallen og idrettshallen. Der fekk dei stille spørsmål til studentar og lærarar dersom dei ønska det.

Utdanningsdagane 2014, foto av Karoline Stokke (59), idrett og friluftsliv, foto av Karoline Stokke
Idrett og friluftsliv hadde laga nye faldarar i høve Utdanningsdagane 2014.

 

Formgiving, kunst og handverk

Utdanningsdagane 2014, foto av Karoline Stokke (9)x, formgiving, kunst og handverk, avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda, foto av Karoline Stokke
Teiknesalen var full under Utdanningsdagane 2014. Foto: Karoline Stokke.

Formgiving, kunst og handverk gjekk heilt inn for ideen “Student for ein dag”, og arrangerte workshopar knytt til ulike materiale. Tredjeklassingane frå Ulstein vidaregåande og Ørsta vidaregåande fekk prøve seg på konstruksjon i tre, medan elevane frå Volda vidaregåande og Firda vidaregåande fekk klippe og lime når dei skulle øve seg på komposisjon og layout. Torsdagen var temaet konstruksjon av rom når vidaregåande elevar frå Eid, Stranda og Herøy og Vanylven var på besøk saman med Akademiet i Ålesund og Møre Folkehøgskule.

Utdanningsdagane 2014, formgiving, kunst og handverk, avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda, foto av Karoline Stokke
Tre av elevarbeida frå workshop med teamet komposisjon og layout.

 

Media, IKT og design

Utdanningsdagane 2014, foto av Karoline Stokke (55), media, IKT og design, avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda, foto av Karoline Stokke
Elevane fekk blant anna sjå klipp frå filmar studentane har produsert.

Opplegget som seksjon for medie- og kommunikasjonsteknologi hadde laga bestod av tre delar.  Først informerte noverande studentar om bachelor i media, IKT og design og mogelegheiter for utveksling. Deretter fekk elevane sjå klipp frå ulike produksjonar som er laga av MID-studentar.  Til slutt fekk elevane omvisning i kjellaren på Idrettsbygget, der dei blant anna fekk sjå studentar jobbe med film og foto.

Utdanningsdagane 2014, foto av Karoline Stokke (56), media, IKT og design, Høgskulen i Volda
Omvisning i lokala til MID. Foto: Karoline Stokke.