Tag Archives: workshop

Studietur til Oslo

framføring workshop 15.10.14_foto av karoline stokke (24), Høgskulen i Volda
Studentane viser fram noko av det dei lærte i Oslo. Foto: Karoline Stokke.

Førre veke, 6.-10.oktober, var 30 studentar og to lærarar frå seksjon for drama og teater på studietur i Oslo. Studieturen vart arrangert i samband med emna «DR111 Inn i dramafaget» og «DR112 Inn i teateret I: Skodespelarteknikk og barneteater». Desse emna er obligatoriske i det første semesteret på både årsstudium og bachelor i drama og teater. Emna DR111 og DR112 kan også veljast som valfrie emne i delar av andre grader, som til dømes bachelor i musikk eller bachelor i kunst og handverk.

På studieturen fekk studentane blant anna sjå framsyninga «Et drømspill» av August StrindbergNationalteatret, regissert av den kjende Calixto Bieito. Dei fekk også vere med på ei forelesning om barneteater og figurteater, der Høgskulen i Volda var så heldige at dei hadde fått låne lokale av Høyskolen i Oslo og Akershus.

Ein av dagane var studentane på workshop med Kari Ramnefjell frå Teater Joker, som fleire gonger har hatt samarbeid med Seanse og HVO. På workshopen var det fokus på skodespel utan nokon form for hjelpemiddel, ei teaterform kalla bande mimée eller teikneseriemime. Studentane lærte altså korleis dei skal få fram eit bodskap utan rekvisita. Dei fekk berre bruke kroppane og stemmene sine til å skape både lydkulissar, karakterar og scenografi.

I går fekk underteikna og 2.årsstudentar på bachelor i drama og teater sjå resultatet av workshopen i Teatersalen. Oppgåva dei hadde fått var å iscenesette ei brannepisode. Hendingsforløpet gjekk frå oppdaging til sløkking av brannen, der dei måtte få med tilkalling av hjelp og sjølve utrykkinga. Sigrun Meisingset passa på at alle hadde laga ein tittel på framføringa si. Studentane måtte også finne ein passande sang, og det vart blant anna sunge «Brannmann Sam» og «Ring of Fire».

framføring workshop 15.10.14_foto av karoline stokke (4), Høgskulen i Volda
Gruppe 1 i aksjon. Foto: Karoline Stokke.
framføring workshop 15.10.14_foto av karoline stokke (24), Høgskulen i Volda
Gruppe 1: I brannbilen på veg for å slukke brannen. Foto: Karoline Stokke.
framføring workshop 15.10.14_foto av karoline stokke (10), Høgskulen i Volda
Gruppe 2: Brannmannen får vite om brannen via telefon. Brannbilen står klar i front. Foto: Karoline Stokke.
Gruppe 2: Eigaren av huset kommanderer, medan brannmannen slukkar brannen. Foto: Karoline Stokke.
Gruppe 2: Eigaren av huset kommanderer, medan brannmannen slukkar brannen. Foto: Karoline Stokke.
framføring workshop 15.10.14_foto av karoline stokke (17), Høgskulen i Volda
Gruppe 3: På veg for å slukke brannen. Foto: Karoline Stokke.
framføring workshop 15.10.14_foto av karoline stokke (18), Høgskulen i Volda
Gruppe 3: Personen i huset slit med å kome seg ut på grunn av dei høge flammane. Foto: Karoline Stokke.
framføring workshop 15.10.14_foto av karoline stokke (27), drama og teater, Høgskulen i Volda
Gruppe 4: Brannmennene held på å slukke brannen. Foto: Karoline Stokke.
framføring workshop 15.10.14_foto av karoline stokke (28), drama og teater, Høgskulen i Volda
Gruppe 4: Fornøgde med å ha slukka brannen. Foto: Karoline Stokke.
framføring workshop 15.10.14_foto av karoline stokke (1), drama og teater, Høgskulen i Volda
Studentane lærer mykje av å vere publikum til kvarandre. Foto: Karoline Stokke.