The Siverts Comeback på Rokken Studenthus 10/05-2015

289029_466272550059361_1603659808_o (1)

Konsertmelding av Olai Tomasgard

 

Rokken er 10 år og skal feire dette med konsert. Det er en kjølig fredagskveld og folk har strøymt til for å sjå gode musikarar på scena. Publikum er komne godt i gassen og alkoholnivået høgt då Cinnamon City har varma opp Rokken den siste timen. Mange har venta lenge på å få sjå The Siverts igjen etter dei har hatt 2 år pause, men no slår klokka snart 23:00 og ventetida er over.

The Siverts er eit band med godt renommé i Volda og har ein god del tilhengarar der då dei har spela på rokken mange gongar før. Dei er eit cover band som spelar slagera som alle har hørt før, blant anna frå Big Bang, Rolling Stones, Dum Dum boys, The cure og Kiss. Rett og slett gode slagera frå 50 talet til i dag. Kan fort relaterast til musikken vi hørte på under dei mange hytteturane vi hadde longt oppi ein seterdal der einaste underhaldning er kassegitaren og allsong. Bandet består av Eirik Sognnes som vokal og gitar, Kristian Haugen på gitar og vokal, Ørjan Vingen på Bass og vokal og Anders Tjøme Haugen på tromme og vokal.

Men klokka er slagen 23:00 og konserten skal til å starte. Golvet er fult av ivrige publikum medan The Siverts går inn en etter en i ein silhuett av sideteppelys. Det tøffe gitarriffet til Start Me Up av Rolling Stones fyre i gong konserten og showet er i gong. Vokalisten Eirik Sognnes er suveren og får inn eit par ”går d bra rokken” før songteksten skal inn, og publikum er i ekstase. Merkar allereie frå fyrste stund att dette er scenevante musikkarar og publikumskontakten er på topp. Her kjem kraftbombe etter kraftbombe og dei 3 fyrste songane går i eit med blant anna en røff Feeling good liknande den Muse har spelt inn, og ein rask All The Smal Things av Blink 182. Energinivået i bandet er på topp og svetta drive allereie. Dei som kan bevege seg utnyttar scena for det den er verdt, utan att det går på bekostning av det musikalske.

Etter en liten stemningsrapport med publikum går bandet vidare til ein norsk klassikar frå 90-talet, med Englefjes av Dum Dum Boys. Dette blir allsong til de grader noko som veldig likt resten av The Siverts sitt repertoar. Vidare diska dei opp med endå ein 90-tals song som kanskje er den dei er mest kjend for å spele, nemleg Friday i’m in love av The Cure. Dansefoten til publikum får plutseleg eit gir til og ølglas glapp fort ut av henda noko som glas innsjøen framom scena viste til. Karane på scena va heller ikkje redde for å vise glede og energi noko som i ny og ne gjekk litt ut over tekstane til songane som kom seinare i repertoaret. Men dette var det mest sannsynleg ikkje mange som plukka opp då alkoholnivået steig både med publikum og på scena.

Hitt etter hitt vart framført frå den raske og klamme I Like You So Much Better When You’re Naked av Ida Maria til fest song frå Jokke og Valentinerne med Sola skinner. I ny og ne senka dei tempoet litt med blant anna To The Mountain av Big Bang og I’m Gonna Be (500 miles) av The Proclaimers, noko som gjor konsertopplevinga litt meir dynamisk men fortsett heldt seg til songar dei fleste kjenner til. Sjølv trommisen trenger vel litt roleg tempo i ny og ne når han her er en av dei som lagar mest energi på scena. Mange engasjerte folk var d i salen også. Det var støtt og stadig ein person som nemnte kor fantastisk lyden var og for ein god gitarist som gav oss riff etter riff som om det skulle vore spelt inn på førehand.

Når det nærma seg slutten av konserten fekk vi også eit glimt av ein anna norsk artist. Nemlig Åge Aleksandersen men Leva livet, noko stemma til Eirik Sognnes utførte på engasjerande vis. Til slutt fekk vi ei kraftbombe av en song frå Kings of Leon med Sex on Fire. I salen vart det klamt og varmt og innsjøen av ølglas berre vaks. På scena tok The Siverts ut alt dei hadde igjen og sto til slutt på rekke med henda i verda og takka for seg til applaus, hyling og begeistring. Eg som ikkje har sett The Siverts før hadde store forventningar etter kva folkemunnen har sagt, og dei innfridde forventningane. Ein artig konsert som brakte meg tilbake til dei mange hytteturane vi har hatt oppe i dalar utan straum, med gitaren som underhaldning. Berre på steroider. Anbefalast å få med seg om dette comebacket varer.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>