Som eit ledd i å lære seg klatresikringa sine kunstar hadde studentane på friluftsliv årsstudium opplæring i treklatring nylig. Studentane fekk lære både knutar og sikringsmetodar som høyrer klatring til. Det er ein enkel, sikker og artig måte å lære seg dette handverket på, og kven synest jo ikkje at det er kjekt å klatre i tre? Det første emnet på årsstudium i friluftsliv og bachelor i friluftsliv ved Høgskulen i Volda heiter Frå fjøre til fjell. Emnet vektlegg basisferdigheiter, der blant anna ulike tauaktivitetar, sikring, naturkjennskap og utstyrslære inngår som ein viktig del av opplæringa.

Under øvinga fekk studentane innblikk i korleis ein kan bruke denne alternative forma for opplæring med ulike grupper både med og uten tau. Treklatring er tredimensjonal, og gir dermed andre bevegelsesutfordringar enn vanleg klatring. Denne typen klatring er ofte krevande både styrke- og bevegelsesmessig. Studentane var ivrige, og dei hadde ein morsom og lærerik dag i haustsola med utsikt over fjell og hav frå tretoppane.
