Undervisning 1220 meter over havet

Studentane som tek fordjuping i friluftslivHøgskulen i Volda har ein variert studiekvardag. I haustsemesteret har dei eit emne som heiter Friluftsliv I, der ferdsel i fjell, høgfjell og bre vert vektlagt. Som ein del av vurderinga i emnet må dei gjennomføre kursa Høgfjell/bre II og Tindefriluftsliv.  Kurset Høgfjell/bre II vart gjennomført på Haugabreen som du kan lese meir om her.

trandal_trandalshatten1_friluftsliv_andreaalstad_høgskulenivolda
Studentar lærer trygg ferdsel på tindar. Foto: Andrea Alstad.

Kurset i Tindefriluftsliv vart gjennomført i Sunnmørsalpane, nærare bestemt på Trandal i Hjørundfjorden. Hjørundfjorden ligg berre ein kort køyretur frå Volda, noko som gjer naturen der lett tilgjengeleg for høgskulen. Hjørundfjorden er velkjent for kombinasjonen av fjord og høge majestetiske tindar, noko som passar ypperleg for dei som ønsker å lære meir om friluftsliv.

trandal_trandalshatten3_friluftsliv_andreaalstad
Undervisning i vakre omgivelsar. Foto: Andrea Alstad.

På kurset i Tindefriluftsliv fekk friluftslivstudentane ved Høgskulen i Volda lære sikker og trygg ferdsel i bratt og utsatt terreng.  Studentane fekk innføring i metodar og handverk for å kome seg sikkert og effektivt fram i grupper.  Blant anna lærte dei korleis ein kan bruke tau for å kome seg opp og ned utsatte passasjar.

trandal_trandalshatten5_friluftsliv_foto av Thomas Riis
Trening på klatreteknikk. Foto: Thomas Riis.
trandal_trandalshatten6_friluftsliv_thomasriis
Studentar på toppen. Foto: Thomas Riis.

Kurset la i tillegg vekt på  vegleiing som metode, meteorologi, fjellgrunns- og plantekjennskap og lokal historie. Rørsleteknikk var ein viktig del av opplæringa, og Stig Løland sa at studentane til og med lærte å gå på nytt!

trandal_trandalshatten4_friluftsliv_andreaalstad
Under kurset sov studentane i telt. Foto: Andrea Alstad.
trandal_trandalshatten2_friluftsliv_andreaalstad
Trandalshatten. Foto: Andrea Alstad.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>